Gå videre til innhold
Laksen Bakeri & Kafé ligg sentralt plassert i Nasjonalt Villakssenter ved elva i Lærdal.
Laksen Bakeri & Kafé ligg sentralt plassert i Nasjonalt Villakssenter ved elva i Lærdal.

Pressemelding -

Norway’s best AS opnar bakeri i Lærdal

I dag, fredag 9. juli, kl. 12.00 opnar Norway’s best AS Laksen Bakeri & Kafé i Lærdal. Etter stor suksess med Flåm Bakeri som starta opp i 2016, vert den gode handverksbaksten no ført vidare til nabokommunen i nyrenoverte lokale på Nasjonalt Villakssenter.

I likskap med i Flåm, vil Laksen Bakeri & Kafé tilby eit rikt utval av bakevarer med både lokal og internasjonal smak, samt steinomnsbakt pizza i ekte italiensk stil.

Grab & run eller sitje ned

Plasseringa i Villakssenteret gjev enkel tilkomst når ein kjem inn til Lærdal sentrum og det er godt med parkeringsmoglegheiter utanfor. Grab & Run-konseptet med mellom anna påsmurte sandwichar, andre bakevarer og is passar godt for dei som ynskjer å ta maten med seg, anten til Gamle Lærdalsøyri like ved eller vidare på fjelltur på til dømes Kongevegen. 

Laksen Bakeri & Kafé vil halda ope frå kl. 12.00 - 21.00 kvar dag i sommar, og i tillegg til å tilby take away, er det moglegheit for bordservering både ute og inne. Bakeriet har også skjenkeløyve for øl og vin.

Bakevarer, villaks og kunst

I tillegg til Laksen Bakeri & Kafé, husar lokala til Nasjonalt Villakssenter også Lakseobservatorium, Lærdal Kulturhus og Sogn Kunstsenter. Kunstsenteret har to spanande utstillingar sommaren 2021, der ein mellom anna kan sjå verk av den lokale kunstnaren Hans Gjesme.

Related links

Emner

Kategorier

Regions


Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Kontakter

Anne Mæland Hirth

Pressekontakt Pressekontakt Presseturer / Visningsturer

Helene Bjørnø

Pressekontakt Kommersiell direktør / CCO

Om Norway’s best og Norway's best Group

Om konsernet Norway’s best Group AS
Konsernet Norway’s best Group AS (NBG) er eigd av SIVA Eiendom Holding AS, Aurland Eige AS, Sogn Sparebank og Schage Eiendom AS.

NBG eig Norway’s best, Myrkdalen Fjellandsby, 50 % av selskapet som driv Flåmsbana og 50 % av The Fjords. All marknadsføring, sal, drift og tilrettelegging skjer gjennom det heileigde dotterselskapet Norway’s best AS, som også driv 4 hotell, 14 serveringsstader og kundesenter. Selskapet sine produkt og opplevingar hadde i 2019, før Covid-pandemien, meir enn 1,2 millionar gjester.

NBG er også ein stor eigedomsaktør.

Norway's best AS
Postboks 42
5742 Flåm
Norway