Gå videre til innhold
Få billettar igjen til premiera på Sildagapet!

Nyhet -

Få billettar igjen til premiera på Sildagapet!

Har du bestemt deg for at du skal ta turen på opera i år, så er tida inne for å sikre deg billettar! Premieren er nemleg snart utseld, og dei sju andre framsyningane av Sildagapet tek også til å fylle seg opp. Før kvar framsyning tilbyr vi intro-presentasjon av operaen, samt høve til å kjøpe mat og forfriskingar i foajeen i Operahuset Nordfjord. Vi anbefaler òg å kombinere opera med god mat før eller etter framsyninga på ein av dei fine utestadane i Eid.

At ein opera med lokal historie og særs mange aktørar frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre skaper stor interesse, er veldig flott. Det er tydeleg at i år er det veldig mange lokale nordfjordingar som legg turen til Eid og Opera Nordfjord.

Billettar kjøper du her: https://operanordfjord.no/billettar

Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet - ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde handlar om det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet. Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, ung kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. Solistlaget er samansett av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge.

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Relatert innhold

  • Komponist Helge Sunde

    Komponist Helge Sunde om musikken i Sildagapet.

    Korleis har Helge Sunde jobba med musikken til Sildagapet og kva har inspirert han. No er det nær premiera og alle får muligheten til å ro inn i den musikalske horisonten med Helge og resten av mannskapet i Sildagapet.

  • Eit forelska par. Inga (Martha Standal Pavelich) og Håkon (Eivind Kandal). Foto Øystein Torheim

    Martha elskar kontakten med publikum

    Martha Standal Pavelich har for fyrste gang ei hovudrollene i ein av hovedproduksjonane til Opera Nordfjord. Ho er spent, men gledar seg til å gå på scena i Operahuset Nordfjord og formidle historia til karakteren Inga i Sildagapet. Her fortel Martha litt meir om tankane til ein ung solist og korleis livet i operafamilien Standal Pavelich er.