Gå videre til innhold

Emner: Underholdning

  • Instruktørteamet for Musikkteaterskulen: Sam Hiller, Asbjørn Hagen, Ingrid Tykhelle Kayser, Eline Lillestøl, Sunniva Botn Honningsvåg og Runa Bergem

    Musikkteaterskule i vinterferien

    Opera Nordfjord innbyr til gratis Musikkteaterskule i vinterferien for born og ungdom frå og med 5. klasse til og med vidaregåande skule. Påmeldinga er open for alle, uansett kva kommune ein kjem i frå. Velkomen til inspirerande dagar med song, dans, skodespel, teaterleik og nye venskap!

  • Solidaritetskonsert for Leger uten grenser

    Solidaritetskonsert for Leger uten grenser

    Opera Nordfjord innbyr til Solidaritetskonsert i Eid Kyrkje torsdag 28.12. til inntekt for Leger uten grenser og deira viktige og livreddande arbeid på Gaza. Medverkande er lokale, profesjonelle artistar, musikarar og studentar frå Nordfjordeid.

  • Michael Pavelich har invitert med seg sopranen  Eli Kristin Hanssveen når han takkar for seg som musikalsk leiar i Opera Nordfjord

    Opera Nordfjord med Festkonsertturné i mars

    Michael Pavelich skal takke for seg og pensjonere seg etter snart 26 år som kunstnarisk leiar og 24 år som musikalsk leiar i Opera Nordfjord, og då inviterer han saman med Opera Nordfjord til tre festkonsertar med Opera Nordfjord. i Førde, Florø og på Nordfjordeid 14.-16. mars. Han har fått med seg sopranen Eli Kristin Hanssveen, eit kor på 70 lokale songarar og eit orkester på 50 musikarar.

  • Solistlaget er klart for Figaros Bryllup

    Figaros Bryllup til Opera Nordfjord hausten 2024


    Onsdag 2. oktober kan Opera Nordfjord ønskje velkomen til premieren på Figaros Bryllup av W.A. Mozart - knappe 22 år etter operaen sin første Figaro-premiere 16. oktober 2002. Den gongen – nokre månader før - hadde kostymedesignar Anne Gotaas og operasjef Kari køyrt Sverige på tvers for å kjøpe kostyme på kostymesal ved Kungliga Operan i Stockholm og sikra seg der eit billass med flotte og

  • Familieterapeut Per Ståle Husevåg og komponist Magnus Johansson deler og samtalar om sorgarbeid og operaen Snøsystera

    Born og familiar i sorg - korleis komme seg vidare når sorga råkar?


    I samband med at Opera Nordfjord i samarbeid med Malmö Opera set opp familieoperaen Snøsystera den første helga i desember, har operasjef Kari Standal Pavelich invitert Nordfjord Familiekontor til eit fagleg samarbeid kring det å miste nokon i nær familie.
    Onsdag 29. november innbyr Familiekontoret i Nordfjord og Opera Nordfjord i samarbeid med Operahuset Nordfjord til eit ope samtalemøte

  • No når vi feirar 25 år med Opera Nordfjord, tar vi eit aldri så lite tilbakeblikk...

    Lytt ikkje til velmeinte råd – det kan hende dei er dårlege!


    Då eg starta med blogg i vinter, var planen at eg skulle gå gjennom HEILE livshistoria til Opera Nordfjord – i kronolgisk rekkefølge – i løpet av året, men då var ikkje planen at det skulle gå eit halv år til neste innlegg… Så no skriv vi altså allereie 4. september, og eg har berre komme så langt at eg grein i bilen heim etter eit styremøte 11. mai 1998. For ein slutt å dvele ved i eit heilt

  • Komponist Gisle Kverndokk og librettist Øystein Wiik har laga jubileumsmusikalen Soga om Sol for Opera Nordfjord

    Utvandrarmusikal inspirert av eventyraren Emil frå Nordfjord

    Det er duka for ekte Broadway-stemning når utvandrarmusikalen Soga om Sol har urpremiere i Operahuset Nordfjord med H.M. Dronning Sonja til stades i salen. Med spesielt fokus på å nytte lokale, profesjonelle krefter både i det kunstnariske teamet og i alle roller, i tillegg til dyktige. lokale amatørar, vert urpremieren ei feiring av lokalt kulturliv, frå kulturskule til profesjonelt kunstnarliv.

  • Foto: Jonas Persson, Malmö Opera

    Opera Nordfjord med noregspremiere på familieoperaen Snøsystera

    I operaen Snøsystera møter vi Julian, som sørger over tapet av si kjære storesyster Juni. Foreldra kjem seg knapt gjennom kvardagen og har ikkje ork til å tenke på julepynt og julefeiring midt i sorga. Den nye, blide og morosamme venninna Hedvig gir Julian nytt håp og ei ny glede i kvardagen og hjelper han og lillesystera Augusta til å ta jula tilbake. Men kven er eigentleg Hedvig?

  • Elisabet Berg laga flott logo for Opera Nordfjord - den er no 25 år!

    Draumen om opera - del 2: Søknadsskriving og pengejakt

    1997 vart det store året for søknadsskriving og jakten på pengane for å få Opera Nordfjord levedyktig. 1998 starta med studietur til Operaen i Kristiansund for å lære av dei som hadde gått vegen før oss og etablering av sjølve hjartet i Opera Nordfjord: Dugnadsapparatet.

  • Nordfjordeid 2022 MED operahus - ein stad der kulturen har fått lov til å vekse og utvikle seg. Foto: Kari Standal Pavelich

    Draumen om opera på Nordfjordeid vert fødd

    Då draumen om opera på Nordfjordeid vart fødd ein gong vinteren 1996, var eg på speleoppdrag hos Operaen i Kristiansund. Operasjef Olav Grytnes og hans gode medarbeidarar skal ha stor takk for inspirasjon og hjelp då eg i løpet av dei neste to åra skulle etablere Opera Nordfjord saman med min mann Michael og gode hjelparar. Distriktsoperamodellen passa som hand i hanske for Opera Nordfjord.

  • Det kunstnariske teamet er endeleg på plass for tingingsverket Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk

    Opera Nordfjord feirar 25 år med nyskriven utvandrarmusikal

    Opera Nordfjord feirar 25 år i 2023 med nyskriven musikal av Øystein Wiik og komponist Gisle Kverndokk. Handlinga er lagt til om lag 1915, då mange nordfjordingar utvandra frå Nordfjord til Amerika. Dei aller fleste rollene vert fylte av lokale, profesjonelle musikalartistar og skodespelarar og eit utval av dyktige, lokale amatørar. Premieren vert onsdag 4. oktober i Operahuset Nordfjord.

  • Eit sterkt solistlag er sentralt når Verdis Requiem skal ut på turné, leia av dirigent Michael Pavelich

    120 ungdommar syng Verdis Requiem med Opera Nordfjord

    Helga etter påske er det duka for ei sjeldan storsatsing, når Opera Nordfjord reiser på turné med fantastiske Requiem av Verdi, eit av dei aller største meisterverka for kor, solistar og orkester.

  • Trond Halstein Moe, her som Germont i La Traviata, er ein av solistane vi får høyre på konserten måndag kveld. Foto: Øystein Torheim

    Konsert for TV-Aksjonen med operasolistar

    Opera Nordfjord tjuvstartar årets TV-Aksjon til inntekt for Leger uten grenser og innbyr til konsert i Eid Kyrkje måndag 3. oktober kl. 19.00. Operasolistar, songarar og musikarar frå La Traviata-produksjonen deltek.

  • Bilete: Kristoffer Wittrup og Ole Wuttudal

    Trio no Treble i Kulturhuset Gamlebanken

    Kammerkonsert med Trio no Treble byr på både humor, kvalitetsspel og sjangeroverskridingar i alle retningar. Det er all grunn til å gle seg til ein uformell konsert med dyktige musikarar, der det er lov til å le høgt og nyte musikken samstundes - velkomen!

  • Vi møter sopran Nora Oleanne Sårheim, tenor Eivind Kandal og pianist Andreas Løken Taklo i kammeroperaen Treffet. Foto: Matias Ask

    Tinder-operaen TREFFET på turné til Opera Nordfjord

    Sveip til venstre. Sveip til venstre. SVEIP TIL VENSTRE. Så plutseleg dukkar det opp noko meir interessant. Eit bilete av nokon som skil seg litt ut her inne på denne appen...? Kanskje ein ikkje berre skal sveipe til høgre, er dette kanskje verdt ein SUPERLIKE? Og så kjem spenninga. Vil plinget komme? Vart det match? Blir det ein samtale som kan bli til ein date som kan bli til...?
    Vi k

  • Margrethe Strømmen Fredheim og Bror Magnus Tødenes kjem til Opera Nordfjord i april

    Klassisk operagalla på vårturné

    Opera Nordfjord kan skilte med store stemmer i internasjonal klasse, når sopranen Margrethe Strømmen Fredheim og tenoren Bror Magnus Tødenes gjestar distriktsoperaen på Nordfjordeid i april.

  • I hovudrollene: Lydia Hoen Tjore som Violetta, Marius Roth Christensen som Alfredo og Trond Halstein Moe som Germont

    La Traviata til Opera Nordfjord

    Etter 23 år står La Traviata igjen på plakaten når Opera Nordfjord opnar dørene for sesongstart 28. september 2021 i Operahuset Nordfjord, med 8 framsyningar i perioden 28.09.-08.10..

  • Solistar: Alexander Pavelich og Beate Mordal

    Den store julekonserten i Operahuset Nordfjord

    Opera Nordfjord inviterer til stemningsfull julekonsert med høg gåsehudfaktor når fullt operaorkester, kor og solistane Beate Mordal og Alexander Standal Pavelich framfører dei vakraste julesongane, leia av dirigent Michael Pavelich. Det skjer i Operahuset Nordfjord 3. og 4. desember - velkomen til heile familien!

Vis mer