Gå videre til innhold
Solistlaget er klart for Figaros Bryllup
Solistlaget er klart for Figaros Bryllup

Nyhet -

Figaros Bryllup til Opera Nordfjord hausten 2024

Onsdag 2. oktober kan Opera Nordfjord ønskje velkomen til premieren på Figaros Bryllup av W.A. Mozart - knappe 22 år etter operaen sin første Figaro-premiere 16. oktober 2002. Den gongen – nokre månader før - hadde kostymedesignar Anne Gotaas og operasjef Kari køyrt Sverige på tvers for å kjøpe kostyme på kostymesal ved Kungliga Operan i Stockholm og sikra seg der eit billass med flotte og fargerike kostyme! I år er regien lagt til ei litt anna tid – eigentleg er det kanskje ei meir tidlaus framsyning – og definitivt i kjølvatnet av Me-too. Det visuelle uttrykket inspirert av av den burleske stilen frå Commedia dell’arte, så dei lange, vakre velourfrakkane frå barokktida er bytta ut med andre fargerike gevantar!

Det kunstnariske teamet er alle kjende for Opera Nordfjord frå tidlegare produksjonar, bortsett frå vår nye dirigent:

Musikalsk leiing: Eva Holm Foosnæs
Regi: Ronald Rørvik
Scenografi: Plamena Dicheva
Kostymedesign: Anne Gotaas
Lysdesign: Ovar Holmen
Regiassistent/koreografi: Toni Herlofson
Maske: Maren Togstad
Rekvisittar: Anndi Bergset

Solistlaget er spekka av «gamle» kjenningar, som har vore med tidlegare, og nye, unge talent, som vi gler oss til å bli kjende med:

Greven: Espen Langvik
Grevinna: Lydia Hoen Tjore
Figaro: Sakarias Fredriksen Tranvåg
Susanna: Vibeke Kristensen
Cherubino: Maia Reppe
Marcellina: Siv Oda Hagerupsen
Bartolo: Trond Gudevold
Basilo: Jan Erik Fillan
Anotonio: Gunnar Andor Nieland
Don
Curzio: Eivind Kandal
Barbarina: Louise Engeseth

Speledatoar:

Premiere onsdag 02.10. kl. 18.00
Fredag 04.10. kl. 18.00
Laurdag 05.10. kl. 17.00
Måndag 07.10. kl. 14.00 - Dagopera
Onsdag 09.10. kl. 18.00
Torsdag 10.10. kl. 18.00
Laurdag 12.10. kl. 17.00
Søndag 13.10. kl. 14.00 - Matiné

Billettsalet har opna, og billettar kan kjøpast her: https://www.operanordfjord.no/...

Emner

Regions

Kontakter