Gå videre til innhold
Ein glad og lyssatt Ovar Holmen.
Ein glad og lyssatt Ovar Holmen.

Nyhet -

Lokalprodusert lyskulisser i Sildagapet av Ovar Holmen.

Har du nokon gang tenkt over kor viktig lyssettinga i ei framsyning er for opplevinga di? Den som styrer lyset bestemmer i stor grad kvar fokuset ditt er på scena til ei kvar tid. Så difor er lysdesign viktig for Opera Nordfjord. Då er det ekstra stas at Operahuset Nordfjord har ein så flink kar som Ovar i staben sin. 

Ovar Holmen (45) kjem frå Drammen og bur på Haugen med kone og fire barn. Bakgrunnen hans innanfor lysfaget har han frå Brage-teateret i Drammen. Han flytta til Nordfjord allereie i 2005 og begynte som lysteknikar i Operahuset Nordfjord i 2009. Sidan den gang har han vore med på alle oppsetningar i regi av Opera Nordfjord. 

Sildagapet er den første hovudproduksjonen der Ovar var lysdesigner og ansvarlig for lyssettinga. Daniel Takle Piel har vore med som lysteknikar-assistent. Utfordringane har vore mange. Utgangspunktet for lyset i denne produksjonen har vore grått vestlandsvær og røft bryggjemiljø. Så korleis lyssette scena på ein slik måte utan at det blir for mørkt og dystert? - Mykje nytt utstyr i Operahuset har vore viktig. Vi har ca 120 ulike lyssekvensar der lyset blir justert for å tilpasse rørsler, tal personar og stemning på scenen. Spesielt er første akt veldig krevjande, innrømmer Ovar. 

Som lysdesigner jobber Ovar tett i lag med regissør Ronald Rørvik og scenografane Åse Hegrenes og Sunniva Bodvin. I ein nyskriven opera som Sildagapet vert det endelige resultatet til i løpet av dei siste dagane. Det kan bli gjort store endringar tett opp til generalprøva, noko som påverkar programmeringa av lyset. Lysfolka må jobbe med endringane når salen er fri for øving og scenearbeid. Då blir det fort lange dagar. Ein stund var det usikkert om Ragnar, far til Håkon, skulle døy! Det løyste seg til slutt, dog ikkje til det beste for Ragnar.. 

Er du nøgd med resultatet Ovar? - Ja, Sildagapet har på alle måtar blitt til ein fullverdig operaproduksjon. Samarbeidet mellom profesjonelle og frivillige er like bra som det pleier å vere og alt har ein tendens til å ordne seg. Det er fantastisk kjekt å ta del i dette og ikkje minst sleppe publikum inn i salen, meiner Ovar. No når Sildagapet er ferdig og ein kan sjå tilbake på åtte nesten smekkfulle hus, er det sjølvsagt stor stas!

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Relatert innhold

  • Sildegutar og sildejenter i operaen Sildagapet,  av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde

    Nyhendebrev nr. 3 - Opera Nordfjord innbyr til 20-årsfest i 2018

    Kven hadde trudd at ein vill idé om å lage «opera til folket» i Sogn og Fjordane skulle slå rot, vekse og blomstre utan stans i 20 år? No ser operaentusiastane i Nordfjord fram til eit spennande jubiléumsår med eit variert repertoar for ALLE. Distriktsoperaen på Nordfjordeid feirar seg sjølv og ønskjer velkomen til fest.