Gå videre til innhold
Instruktørteamet for Musikkteaterskulen: Sam Hiller, Asbjørn Hagen, Ingrid Tykhelle Kayser, Eline Lillestøl, Sunniva Botn Honningsvåg og Runa Bergem
Instruktørteamet for Musikkteaterskulen: Sam Hiller, Asbjørn Hagen, Ingrid Tykhelle Kayser, Eline Lillestøl, Sunniva Botn Honningsvåg og Runa Bergem

Nyhet -

Musikkteaterskule i vinterferien

Musikkteaterskulen til Opera Nordfjord har i løpet av dei siste tre åra etablert seg som eit populært tilbod til born og unge som er glade i å synge, danse og spele skodespel. Først vart skulen lansert som Sommarskule tre somrar på rad, men med nytt tilbod i haustferien sist haust og no i vinterferien har skulen blitt eit heilårstilbod under namnet Musikkteaterskulen. Med generøse midlar frå både Gjensidigestiftelsen og Stad kommune har det vore mogleg å gi dette gratis tilbodet til interesserte born og unge i distriktet vårt.

I vinterferien vert det fire heile dagar med musikktetaerskule frå 19.-22. februar på Fjordane Folkkehøgskule, med tilbod for to aldersgrupper: dei som går i 5.-7. klasse og den eldste gruppa som omfattar 8.-10. klasse og 1.-3. klasse på vidaregåande skule. Dei yngste har litt kortare dagar enn dei eldste.

Vi er så heldige å ha tilgang til eit dyktig, profesjonelt team med lokale musikalartistar, som gjennom tre år saman med produsent Ine Nord har etablert eit variert og spennande opplæringstilbod innan musikkteater. Asbjørn Hagen, Ingrid Tykhelle Kayser, Sunniva Botn Honninhgsvåg, Martha Standal Pavelich og Runa Bergem har alle erfaring frå scenekunstfeltet og deler kunnskap, læring, inspirasjon og motivasjon med kursdeltakarane.

I år er vi særleg stolte over å kunne presentere Sam Hiller frå West End i London som vår gjesteinstruktør. Han har ei imponerande merittliste både som songar, skodespelar og regissør og er for tida assisterande regissør for både Les Miserables og Phantom of the Opera ved West End. Sam skal ha ansvaret for den eldste gruppa med fokus på karakterstudie og karakterbygging under gjennomgang av scener frå mellom anna Les Misérables. Ingen tvil om at elevane får eksperthjelp!

Påmeldinga har opna, og det er først til mølla-prinsippet som gjeld, dersom vi får fleire påmeldingar enn vi har plassar til. Kurset er som sagt gratis, og deltakararne får all nødvendig informasjon ved påmelding. Ein treng ikkje tidlegare erfaring frå musikkteater for å delta, men lyst og interesse for å lære. Det vert lagt stor vekt på teaterleik og sosialt samver innimellom læringsøktene.

Søk her: https://www.operanordfjord.no/...

Emner

Regions

Kontakter

  • Sommarskulen_Vinter2024_1920x1080
    Sommarskulen_Vinter2024_1920x1080
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 276 KB
    Last ned