Gå videre til innhold
Frå venstre: komGisle Kverndokk, Michael Pavelich, Øystein Wiik, Toni Herlofson og Ronald Rørvik
Frå venstre: komGisle Kverndokk, Michael Pavelich, Øystein Wiik, Toni Herlofson og Ronald Rørvik

Nyhet -

​Norgespremiere på musikalen Jorden rundt på 80 dager

Opera Nordfjord sin hovudproduksjon i 2021 vert operetten Jorden rundt på 80 dager av komponist Gisle Kverndokk og librettist Øystein Wiik med premiere 29. september.

 Operetten – eller musikalen, som ein også kan kalle den – var opprinneleg skriven som opera til opninga av Den Norske Opera i Bjørvika i 2008, men vart framført først i 2010. No er operaen omskriven og bearbeida til ein litt kortare versjon enn opera-originalen, og med delvis ny musikk og nokre nye roller. Operetten har hatt stor suksess og vunne fleire prisar i Tyskland og Østerrike, og no vert det altså Noregspremiere i Operahuset Nordfjord. Solistlaget er snart på plass og vert kunngjort om ikkje så lenge, når alle rollene er klare. I tillegg vert det flotte oppgåver for operakoret og dansarar.

Regissør vert Ronald Rørvik, som tidlegare er kjend for operapublikumet i Nordfjord frå mellom anna Sildagapet, Hoffmanns Eventyr, Flaggermusen og Tryllefløyten. Han har med seg Toni Herlofson som regiassistent og koreograf

Bulgarske Plamena Dicheva, som til dagleg arbeider ved Ringsakeroperaen, skal ha ansvar for scenografi og kulissearbeid, og kostymedesign er ved Anne Gotaas.

Jorden rundt på 80 dager vert ei festforestilling av dei sjeldne, ei reise både i geografi og i operahistoria, der vi er innom Den Glade Enke, Tosca, Turandot og Fanciulla del West, men berre nesten. For ER det eigentleg musikken frå Den Glade Enke ein høyrer, eller høyrest det berre slik ut? Ein kan uansett garantere at musikken klør i øyret, og at den er herleg sjangeroverskridande frå storband til nesten-Puccini. Det er all grunn til å planlegge Nordfjord-besøk i operahuset i veke 40 eller 41 neste år – Opera Nordfjord ønskjer velkomen til ei reise jorda rundt utanom det vanlege. 

Emner

Regions

Kontakter