Nyhet -
Nyhendebrev - Opera Nordfjord feirar 20 år
Jubiléumsframsyninga La Bohème i rute
Etter ein spennande planleggingsperiode i vinter og vår saman med det kunstnariske teamet, er førebuingane godt i gong for operaen La Bohème av Puccini, som har premiere i Operahuset Nordfjord onsdag 3. oktober. Opera Nordfjord er stolt over å kunne presentere operaen i ei flunkande ny, nynorsk omsetting av Jostein Avdem Fretland.
Dei fleste av solistane i jubiléumsproduksjonen er nye songarar for Opera Nordfjord sitt publikum: Mimi: Margrethe Fredheim, Rodolfo: Thorbjørn Gulbrandsøy, Marcello: Mads Wighus, Musetta: Gunda-Marie Bruce, Schaunard: Thomas Røshol, Colline: Eirik Roland Egeberg-Jensen og Alcindoro/Benoît: Lars Eggen.
Dirigent er Opera Nordfjord sin faste musikalske leiar, Michael Pavelich, og regissør vert svenske Mira Bartov, som gjestar Opera Nordfjord for første gong og har ei lang og imponerande merittliste å vise til. Det øvrige kunstnariske teamet består av scenograf og lysdesignar Fredrik Glahns, kostymedesignar Kajsa Larsson og maskør Ingunn Schumann Mosand. I tillegg har vi med vårt profesjonelle operaorkester på 38 musikarar med konsertmeister Stig Nilsson. Eit rekordstort operakor på 38 songarar og barnekor med 18 born frå heile Nordfjord kjem utan tvil til å sette sitt preg på den berømte Julaftan-scena i 2. akt ; "maskeball" er berre forbokstaven...
Kostymegruppa har allereie hatt fleire samlingar og møtast jamnleg for sying og tilpassing, medan kulissagruppa er i startgropa med sitt arbeid, som vert eit tett samarbeid med yrkesfagklassene ved Eid vidaregåande skule.
Billettsalet er godt i gong til dei 8 framsyningane 3., 4., 6., 7., 9., 10., 12. og 13. oktober, kjøp billettar her.
Kulturminister Trine Skei Grande Foto: Mona Lindseth / Kulturdepartementet
Kulturminister Trine Skei Grande (V) har takka ja til å kome på Opera Nordfjord si 20-års jubileumsoppsetting i 2018, La Bohème av Puccini, laurdag 6. oktober. Det er første gong på dei 20 åra Opera Nordfjord har eksistert at ein kulturminister er gjest på ei operaforestilling til distriktsoperaen på Nordfjordeid.
Operavener i Opera Nordfjord ønskjer kulturministeren hjarteleg velkomen til Nordfjordeid til hausten og lovar at ho skal få oppleve eit opera-eventyr heilt utanom det vanlege.
Kulturminister Trine Skei Grande vil også besøke Nordfjordeid torsdag 5. juli, mellom anna for å besøke Eid vidaregåande skule og Operahuset Nordfjord, og for å møte internasjonale kulturaktørar som planlegg eit nytt samarbeidsprosjekt med kulturmiljøet rundt Operahuset Nordfjord.
Annie til Operahuset Nordfjord i november
Den kjende musikalen Annie får premiere i Operahuset Nordfjord fredag 23. november med påfølgande framsyningar 24. og 25. november. Det er venta storinnrykk av born, ungdommar, foreldre, besteforeldre og oldeforeldre på dei tre framsyningane, og billettsalet er allereie i gong. Unge, lovande solistar frå heile Nordfjord er plukka ut til rollene som Annie og vennene hennar.
Hovudrolla Annie går til Sol Alme Brendefur frå Hornindal, og med seg har ho Tuva Nyhammer-Taklo frå Eid som Duffy, Åsa Liv Røgeberg frå Gloppen som Pepper, Ane Fitje Woxen frå Gloppen som Tessie, Elsa Bredesen frå Eid som July, Maja Kvalsvik Haugen frå Gloppen som Kate og Solvei Kayser Husbyn frå Gloppen som vesle Molly.
Dei andre 11 barneheimsjentene kjem frå Hornindal, Gloppen, Bremanger og Eid. I tillegg kjem eit omfattande solistlag av vaksne aktørar som skal fyllast av lokale utøvarar. Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal skal tolke den frykta og berykta Miss Hannigan, Michael Pavelich gjer come-back på scena, denne gongen som Daddy Warbucks, og Ann Margritt Silfverhielm skal spele den sympatiske sekretæren Grace. Som Lily og Rooster møter vi Ingrid Tykhelle Kayser og Simon Standal Pavelich, begge frå Nordfjordeid, medan Eirik Bech frå Volda skal spele sjølvaste President Roosevelt. Fleire roller vert klare om kort tid, og i tillegg til det talrike solistlaget møter vi songarar i alle aldrar i koret, som innbyggarane i Hooverville.
Jostein Avdem Fretland, Opera Nordfjord sin "husomsettar", skal omsette musikalen til nynorsk. Han har tidlegare omsett operaen I Puritani (Søner av sola), musikalen Du er god, du, Charlie Brown, operaen La Bohème (hausten 2018) og skrive librettoen til suksessoperaen Sildagapet - ein opera om havets sølv frå 2017.
Annie vert den fjerde familieframsyninga til Opera Nordfjord; balletten Nøtteknekkaren, musikalane The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown er tidlegare produksjonar for heile familien. Regissør og musikalsk leiar vert Michael Pavelich, som har med seg koreograf Candice Bredesen, som tek seg av både koreografi og innstudering av alle dansenummera.
Det vert tre framsyningar i Operahuset Nordfjord 23., 24. og 25. november, kjøp billettar her.
Opera Nordfjord ønskjer publikum velkomen til gode scenekunstopplevingar til hausten.
Følg oss gjerne på Facebook - og riktig god sommar, enn så lenge!