Gå videre til innhold
Oppe frå v.: Simon Standal Pavelich, Johanne Ilje, Håkon Bøen, Thea Mavropoulou, nede frå v.: Martha Standal Pavelich, Sunniva Honningsvåg, Runa Solbakken Bergem, Eline Jacobsen Lillestøl, Tuva Nyhammer-Taklo
Oppe frå v.: Simon Standal Pavelich, Johanne Ilje, Håkon Bøen, Thea Mavropoulou, nede frå v.: Martha Standal Pavelich, Sunniva Honningsvåg, Runa Solbakken Bergem, Eline Jacobsen Lillestøl, Tuva Nyhammer-Taklo

Nyhet -

Nyutdanna, lokale musikalartistar på operascena i noregspremiere


Opera Nordfjord satsar stort med noregspremiere på musikalen Jorden rundt på 80 dager av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk i Operahuset Nordfjord 29. september. Ikkje berre byr distriktsoperaen på eit stjernelag av solistar i hovudrollene, dei fyller også ei rekkje danseroller, småroller og korroller med heile åtte nyutdanna musikalartistar og dansarar og ein «in the making», der nesten alle alle har vakse opp i operaen på Nordfjordeid.

Vi har sett dei i barnekoret, eller som ungdommar og unge vaksne i La Bohéme, Elskovsdrikken, Tosca, Hertuginna av Chicago, Carmen, Tryllefløyten. Madama Butterfly, Flaggermusen, Søner av sola, Maskeballet, Hoffmanns Eventyr, Sildagapet, Turandot, The Sound of Music, Annie eller Mannen frå La Mancha. I tillegg har dei fleste vore med på alle skulemusikalane ved Eid idaregåande skule og, sjølvsagt, har dei fleste vore elevar i den lokale kulturskulen.

Vi er utruleg stolte av å få presentere Johanne Ilje, Simon Standal Pavelich, Thea Mavropoulou, Sunniva Honningsvåg, Eline Jacobsen Lillestøl, Runa Solbakken Bergem, Håkon Bøen, Martha Standal Pavelich, og Tuva Nyhammer-Taklo for vårt publikum.

Sjølvsagt har vi også med ei rekkje dyktige, lokale korsongarar som utgjer resten av koret. Etter intensive korøvingar dei siste vekene ser alle fram til å møte solistlaget førstkommande laurdag, når solistane kjem til Nordfjordeid etter 10 dagar med regiøvingar i Oslo med regissør Ronald Rørvik, koreograf Toni Herlofson og dirigent Michael Pavelich.

Reisa jorda rundt endar sjølvsagt godt etter mykje om og men, forviklingar, forelskingar og misforståingar. Kappløpet med tida driv handlinga framover, men det er heldigvis mange stopp undervegs, med tid til å nyte kjende ariar (eller har vi eigentleg høyrt dei før?) og komiske situasjonar på rekkje og rad. Undertittelen  "Eller hvor mange operaer får plass i én musikal?" gir eit lite hint om kva som er i vente. Og her gjeld ikkje "Less is more", kun "More is more" - vi lovar vårt publikum mykje av alt!

Solistlaget er valt frå øvste hylle og består av Magnus Dorholt Kjeldal, Eli Kristin Hanssveen, Thomas Ruud, Ann- Helen Moen, Trond Gudevold, Camilla Stenhoff Vist, Beate Mordal, Jan Erik Fillan og Eivind Kandal, fleire av dei kjære kjenningar for Nordfjord-publikumet.

Onsdag 29. september vert det fest i Nordfjord, når musikalen Jorden rundt på 80 dager for første gong vert vist i Noreg. I løpet av 12 dagar vert det vist åtte framsyningar. Med vakre scenebilete skapt av scenograf Plamena Dicheva, fargerike og elleville kostyme av kostymedesignar Anne Gotaas og magisk lyssetting av Ovar Holmener det berre å pakke kofferten og bli med på Phileas Fogg sitt veddemål. Med den melodiøse, vakre og smektande musikken til Gisle Kverndokk som følgesvenn garanterer vi ei reise rundt jorda heilt utanom det vanlege.

Emner

Regions

Pressekontakt

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge