Gå videre til innhold
Frå avslutningsscena med "Den fåfengde draumen". Foto: Øystein Torheim
Frå avslutningsscena med "Den fåfengde draumen". Foto: Øystein Torheim

Nyhet -

Opera Nordfjord med Broadway-stemning på Scene 2 i Bjørvika

I 2013 var Opera Nordfjord på gjestespel på Scene 2 med Tryllefløyten, ei minnerik oppleving for livet for alle medverkande. I juni skal Opera Nordfjord igjen pakke ned kulissar, rekvisittar og kostyme og ta turen over fjellet frå vest til aust, denne gongen for å gje liv til Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha), ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Musikalen er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote, som kom ut mellom 1605 og 1615. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan dei ventar på ei høyring i fengselet under Den spanske inkvisisjonen. 

Opera Nordfjord gjorde stor suksess med musikalen i Operahuset Nordfjord hausten 2020 og ser fram til å vise fram denne rørande og inspirerande fortellinga om ein som var annleis enn alle rundt seg, og som torde å vere den han var og leve etter draumen han bar på i hjartet sitt, som han var tru mot til det siste. Produksjonen vert til eit tett  samarbeid med Den Norske Opera & Ballett ved operasjef Randi Stene, som generøst har stilt sitt dyktige tekniske team til rådevelde for distriktsoperaen frå Nordfjordeid. 

Regien er ved Aksel-Otto Bull, musikalsk leiing ved Michael Pavelich, scenografi og kostyme ved Åse Hegrenes og lys ved Arne Kambestad.  Candice Bredesen har koreografi, Maren Togstad har ansvar for maske, Anndi Bergset er rekvisitør og Anne Gotaas er tilskjerar og produksjonsansvarleg for kostymene.  

I hovudrollene møter vi Espen Langvik som Cervantes/Don Quixote, Eli Kristin Hanssveen som Aldonza/Dulcinea, Jan Erik Fillan som Sancho Panza. I øvrige roller finn vi Trond GudevoldErlend TvinnereimEirik Risholm Velle, Eivind Kandal, Elisabeth Gimmestad, Simon Standal  Pavelich, Asbjørn Hagen, Rønnaug Torheim, Paul Jacob Helgesen, Bård Stian Dalseth og Håvard Furnes.

Bli med på den både tragiske og morosame, men aller mest gripande reisa til Don Quixote og hans «fåfengde draum» - The Impossible dream.  NB! Husk lommetørkle!

Framsyningar: 12.-14. juni: 

https://operaen.no/forestillin...

MAN OF LA MANCHA is presented by arrangement with Concord Theatricals Ltd. on behalf of Tams-Witmark LLC. -www.concordtheatricals.co.uk and Nordiska ApS - www.nordiska.dk

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge