Gå videre til innhold
Solidaritetskonsert for Leger uten grenser

Nyhet -

Solidaritetskonsert for Leger uten grenser

Opera Nordfjord innbyr til Solidaritetskonsert i Eid Kyrkje torsdag 28.12. til inntekt for Leger uten grenser og deira viktige og livreddande arbeid på Gaza

Vi er mange som kjenner på hjelpeløyse, fortviling, sinne og sorg når vi følgjer nyheitene på radio og TV. Den meiningslause krigen og dei forferdelege lidingane opprører oss, og det er ikkje så mykje vi som enkeltpersonar kjenner på at vi kan gjere, bortsett frå å protestere og støtte dei som faktisk er modige nok til å risikere livet og gå inn i farlege krigssoner for å redde liv og handsame såra.

På heimesidene til Leger uten grenser står det følgjande:

"Leger Uten Grenser jobber etter de humanitære prinsippene uavhengighet, nøytralitet og upartiskhet. De tar utgangspunkt i vår felles humanitet og at alle liv er like mye verdt".

Opera Nordfjord og våre gode hjelparar og medverkande på konserten i romjula ønskjer å støtte dette viktige arbeidet i ei høgtid der "Fred på jord" er vårt største felles ønskje.

På konserten er det for det meste unge, profesjonelle og lokale artistar, songarar og musikarar som stiller opp med sine talent for å gi publikum ei god musikalsk oppleving med ekstra meining. Av dei medverkande kan ein nemne mellom anna Asbjørn Hagen, Ingrid Tykhelle Kayser, Håkon Bøen, Sunniva Honningsvåg, Martha Standal Pavelich, Maren Holmgren, Agnes Pavelich, Oselie Henden, Tuva Nyhammer-Taklo og Nora Nyhammer-taklo.. Vi kan love eit vakkert og variert repertoar, frå kjende og kjære julesongar til musikalinnslag. pop og klassisk instrumentalmusikk.

Alle er hjarteleg velkomne, også dei som ikkje kan bidra økonomisk, men som vil vise sin solidaritet med alle krigsoffera på begge sider av denne forferdelege krigen.

Allereie i 1936 skreiv Arnulf Øverland diktet Du må ikke sove med den kjende verselinja "Du skal ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv". Desse orda må vi gjere til våre eigne.

Velkomen til konsert i Eid Kyrkje torsdag 28. desember kl. 19.00 - fri entré og kollekt/vipps ved utgangen.


Emner

Regions

Kontakter