Gå videre til innhold
Vi møter sopran Nora Oleanne Sårheim, tenor Eivind Kandal og pianist Andreas Løken Taklo i kammeroperaen Treffet. Foto: Matias Ask
Vi møter sopran Nora Oleanne Sårheim, tenor Eivind Kandal og pianist Andreas Løken Taklo i kammeroperaen Treffet. Foto: Matias Ask

Nyhet -

Tinder-operaen TREFFET på turné til Opera Nordfjord

Sveip til venstre. Sveip til venstre. SVEIP TIL VENSTRE. Så plutseleg dukkar det opp noko meir interessant. Eit bilete av nokon som skil seg litt ut her inne på denne appen...? Kanskje ein ikkje berre skal sveipe til høgre, er dette kanskje verdt ein SUPERLIKE? Og så kjem spenninga. Vil plinget komme? Vart det match? Blir det ein samtale som kan bli til ein date som kan bli til...?

Vi kjenner oss att i Tinderjungelen, enten det er at vi har utforska han sjølv, eller vi har høyrd om det av dei som har vore der og levd det livet. Kven har ikkje undra seg over korleis det kunne ha vore å vere fluge på veggen på nokon andre sin Tinderdate? Kjenne litt på stemninga, høyre kva dei snakkar om - eller kanskje aller helst høyre kva dei også tenker i det som elles ville vore laaange, pinlege, stille stunder?

No får du endeleg høve. I regi av OperaKysten og i samarbeid med Opera Nordfjord vil du denne seinsommarkvelden få oppleve ein Tinderdate, slik komponist Jostein Avdem Fretland ser det føre seg. Vi presenterer den fyrste av hans novelleoperaer frå serien Av kjøt og sorg, som har både tekst og musikk av den unge lærdølen.

I rollene møter vi Nora Oleanne Sårheim som musikkstudenten Kristine og Eivind Kandal som vegetarianaren Thomas i frå fyrste sveip til fyrste date er over og alt som er imellom. To som møtest med kunstig høge forventingar og i overkant store personlegdomar; det er potensiale for store og mange konfliktar på kort tid!

Ved klaveret sit Andreas Løken Taklo og sørger for at dei eventuelle diskusjonane ikkje går heilt over styr, i alle fall ikkje forbi det som står i partituret!

Velkomen til ei operaoppleving heilt utanom det vanlege i Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid,  torsdag 25.august kl. 19.00 - billetten inkluderer særleg god stemning og lattergaranti!

Billettar: https://operakysten.ticketco.e...

Emner

Regions

Kontakter