Gå videre til innhold
Bilete: Kristoffer Wittrup og Ole Wuttudal
Bilete: Kristoffer Wittrup og Ole Wuttudal

Nyhet -

Trio no Treble i Kulturhuset Gamlebanken

Medan Opera Nordfjord er i full sving med regiprøver og scenerigging til La Traviata, er det hyggeleg å kunne invitere til gjestespel i ventetida. Trio no Treble er ein utradisjonell trio med bratsj, cello og kontrabass, ein trio utan diskant, kun mørke røyster og djup klang. Trioen består av Lars Marius Hølås (bratsj), Eivind Rossbach Heier (cello) og Jostein Bolås Brødreskift (kontrabass). 

Trio no Treble vart stifta i 2017, og har spelt mange suksessfulle konsertar rundt i Noreg, Sverige og Serbia. I sesongen 2020-2021 spelte dei mellom anna konsertar på Ibsenhuset i Skien, Flekkefjord, Nordfjordeid, Bodø og Røst. Dei har også tre år på rad vore festivaltrio på Festspillene Helgeland, samt spelt konsertar i Kristiansund og på Operaen i Oslo.

I 2020 ga dei ut to album: eit «klassisk» album, som mellom anna inneheld Trygve Brøske sitt tingingsverk «Trio (no) Trouble», og eit julealbum. Begge albuma hausta strålande kritikkar. Dei har eit pågåande samarbeid med Rasmus Rohde og Ronny Kjøsen, og dei er med på det siste barnealbumet til Klaus Sonstad.

Trio no Treble er kjent for si leikne tilnærming til både klassisk musikk, folkemusikk og sine spreke tolkningar av ny popmusikk. Med andre ord så spelar trioen musikk i alle genre og til alle anledningar.

Medlemmane i Trio no Treble er allsidige musikarar med regelmessige engasjement i TrondheimSolistene og Trondheim Symfoniorkester. Dei har alle Bachelor- og Mastergrad frå NTNU Instiutt for musikk, og dei har hatt studieopphald i Tyskland, Sveits og Sverige.

I kveld, onsdag 14. september kl. 19.00 kan du få oppleve dei i Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid . Velkomen!

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter