Gå videre til innhold
Foto: Jørgen Gomnæs/Det kongelige hoff
Foto: Jørgen Gomnæs/Det kongelige hoff

Pressemelding -

Hennar Majestet Dronning Sonja kjem til Opera Nordfjord og Kulturhuset Gamlebanken

Presseskriv:

Det er ei stor ære og glede å kunngjere at Hennar Majestet Dronning Sonja kjem til Opera Nordfjord onsdag 4. oktober for å vere til stades på urpremieren av musikalen Soga om Sol av Gisle Kverndokk og Øystein Wiik i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid.

Det er dobbel glede å kunne melde at H.M. Dronninga òg vert årets operautstillar i Kulturhuset Gamlebanken, med eiga utstilling som opnar på ettermiddagen same dag.

Både Opera Nordfjord og Kulturhuset Gamlebanken gler stort seg til Dronning-besøk i operahus og kunstgalleri og ser fram til ein glad festdag for heile Stad Kommune, der vi saman feirar kunst og kultur i fleire former. Invitasjon til pressa, med informasjon om akkreditering, vil følgje seinare.

Emner

Kategorier

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge