Gå videre til innhold
Bak frå venstre; Kristine Flacke Haualand (1. amanuensis i meteorologi), Noah Eckstein frå Vermont, USA (masterstudent), Lilit Poghosyan frå Armenia (masterstudent) og Lukas Schild frå Tyskland (PhD-student på skred). Framme frå venstre; Jonas Opperm

Pressemelding -

Internasjonale klimastudentar frå Sogndal på operaturné

Tysdag 2. september startar turnéen for operaen BLÅ med både skuleframsyningar og kveldsframsyningar i store delar av fylket. Det er dei vidaregåande skulane på Eid, i Måløy, Stryn, Florø, Førde, Høyanger, Sogndal og i Gloppen som får besøk av den nyskrivne miljøoperaen av librettist Jesper B. Karlsen og komponist Hugi Gudmundsson, basert på boka BLÅ av Maja Lunde. Opera Nordfjord og det danske produksjonsselskapet SAUM frå København har inngått eit spennande samarbeid både med kvarandre og med Høgskulen på Vestlandet, som nok er heilt unikt i Noreg. Det er stor stas å få presentere teamet med internasjonale studentar og professorar frå Høgskulen på Vestlandet som skal dele av sin store kunnskap og erfaring med dei unge elevane, når ein innbyr til paneldebatt etter skuleframsyningane.

Det er sett saman team med tre studentar på kvart team, som på førehand får tilsendt fem spørsmål frå kvar skule. Med den både breie og spissa kompetansen studentane sit inne med, ser ein fram til spennande og inspirerande skuledebattar dei neste to vekene. Her er HVL sin eigen presentasjon av deira medverkande, ved instituttleiar Tarald Seldal:

"På miljøoperaen BLÅ som skal ha framsyning ved kulturhus og ved vidaregåande skular i Sogn og Fjordane frå 2.-12. september vil Høgskulen på Vestlandet delta med internasjonale masterstudentar i Climate Change saman med PhD studentar og tilsette som forskar på korleis klimaendringane påverkar natur og samfunn. Vi forskar på korleis vi kan redusere utslepp av drivhusgassar og erstatte fossile energikjelder med fornybar energi, korleis endringar i nedbør og temperatur påverkar hyppigheita av skred og flaum og korleis artsmangfaldet og økosystema vert påverka av endringar i vær og klima".

Andre deltakarar, I tillegg til studentane som er nemnde på biletet, er Negar Safara Nosar frå Iran (PhD-student på hydrogen i maritim sektor), Jogscha Miriam Abderhalden frå Sveits (PhD-student på bredynamikk og klima), Kamilla Hauknes Sjursen frå Noreg (PhD-student på bredynamikk og klima), August Wierling frå Tyskland (Professor i energiomstilling), Valeria Schwanitz frå Tyskland (Professor i berekraftig utvikling), og sju masterstudentar frå 1. klasse i Climate Change.

Foto: Tora Myklebust Optun, Høgskulen på Vestlandet

www.operanordfjord.no

Emner

Kategorier

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter