Gå videre til innhold

Kategorier: opera

  • Opera Nordfjord satsar stort med miljøopera, USA-turné og MATILDA!

    Operaåret 2025 startar friskt med komedien Scenebetennelse 17. januar og musikkspelet Musikktyven 18. januar. Hausten byr på overraskingar på rekke og rad: Noregspremiere på miljøoperaen BLÅ 2. september, nypremiere på Soga om Sol i engelsk språkdrakt 1. oktober og familiemusikalen Matilda TO heile helger i november/desember. Billettsalet har opna!

  • Pangstart på operaåret 2025 med gratis familieframsyning og komedien Scenebetennelse

    Den komiske operaframsyninga Scenebetennelse tek publikum med på ei uhøgtideleg reise frå opera og operette til musikal og moderne musikkteater. Framsyninga gjev eit humoristisk skråblikk på dramatikken som ofte utspelar seg bak scena på store teater og operahus. Musikktyven er eit fengande musikkspel for heile familien og handlar om einsemd, utanforskap, vennskap og musikken si sameinande kraft.

  • 120 ungdommar syng Verdis Requiem med Opera Nordfjord

    Helga etter påske er det duka for ei sjeldan storsatsing, når Opera Nordfjord reiser på turné med fantastiske Requiem av Verdi, eit av dei aller største meisterverka for kor, solistar og orkester.

  • Konsert for TV-Aksjonen med operasolistar

    Opera Nordfjord tjuvstartar årets TV-Aksjon til inntekt for Leger uten grenser og innbyr til konsert i Eid Kyrkje måndag 3. oktober kl. 19.00. Operasolistar, songarar og musikarar frå La Traviata-produksjonen deltek.

  • Klassisk operagalla på vårturné

    Opera Nordfjord kan skilte med store stemmer i internasjonal klasse, når sopranen Margrethe Strømmen Fredheim og tenoren Bror Magnus Tødenes gjestar distriktsoperaen på Nordfjordeid i april.

  • La Traviata til Opera Nordfjord

    Etter 23 år står La Traviata igjen på plakaten når Opera Nordfjord opnar dørene for sesongstart 28. september 2021 i Operahuset Nordfjord, med 8 framsyningar i perioden 28.09.-08.10..