Gå videre til innhold

Pressemelding —

Opera Nordfjord innbyr til TV-Aksjonskonsert

Fredag 9. oktober arrangerer Opera Nordfjord sin årvisse konsert i Eid Kyrkje til inntekt for TV-Aksjonen, som i år går til NRC Flyktninghjelpen.

TV-aksjonen 2026 skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo. Nærare 120 millionar menneske er no på flukt frå krig, konflikt og forfølging, ei tredobling på 15 år. 40 prosent av dei er born og ekstra utsett for farere og skader.

På konserten møter vi solistar og musikarar frå Carmen-produksjonen, som pågår i Operahuset Nordfjord i desse dagar. Vi får mellom anna møte baryton Magnus Dorholt Kjeldal og bass-baryton Trond Gudevold saman med pianist Brandt Fredriksen. Frå orkestermusikarane får vi stor variasjon i eit rikhaldig program, frå pianokvintett og Divertimento for strykarar av Mozart til fleire brassensemble, fiolinsolo, duettar og Flamencodans av Gabriel Aragú González.

Eid Sokneråd er medarrangør og har generøst stilt kyrkjerommet til fri disposisjon. Alle som opptrer stiller opp gratis, så all kollekt som kjem inn, kan gå uavkorta til TV-Aksjonen.

Vi håpar at Eid Kyrkje blir fylt opp av eit forventingsfullt publikum - operaen lovar å levere eit flott konsertprogram av våre flotte kunstnarar - velkomen til ei god konsertstund i godt fellesskap til hjelp for menneske på flukt!

Konserten startar kl. 19.00, dørene opnar kl. 18.30.

Kollekt ved utgangen


Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

  • 2026_10_CARMEN_Kollasj_TVkonsert_2_v2.jpg
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 1.03 MB
    Last ned