Opera Nordfjord innbyr til TV-Aksjonskonsert
Fredag 9. oktober arrangerer Opera Nordfjord sin årvisse konsert i Eid Kyrkje til inntekt for TV-Aksjonen, som i år går til NRC Flyktninghjelpen. Medsverkande er solistar og musikarar frå operaen Carmen.

– No gler vi oss stort til å få den nye turnéversjonen på vegen for å begeistre nye publikummar i Vestland og feire 200 år med utvandring frå Noreg til Amerika, seier operasjef Kari Standal Pavelich, som håpar at kulturhusa langs kysten vil fyllast opp for å feire både utvandring, innvandring, menneskeverd, likeverd og fridom for alle.
Fargespill vart etablert i Bergen i 2004 og har i åra sidan hatt stor suksess med sine fantastiske sceneshow, der born og ungdommar frå heile verda møtast til kulturutveksling og samarbeid. No er Fargespel Nordfjord etablert under Opera Nordfjord si fane og med tett samarbeid med alle Nordfjord-kommunane. Dei neste åtte månadane vert det intens jakt på og deling av kulturskattar frå andre land.