Gå videre til innhold
Foto: Jonas Persson, Malmö Opera
Foto: Jonas Persson, Malmö Opera

Pressemelding -

Opera Nordfjord med noregspremiere på familieoperaen Snøsystera

Snøsystera – ein familieopera

Vi er utruleg stolte over at vi har inngått eit samarbeid med Malmö Opera, som i desember hadde urpremiere på den nyskrivne kammer- og familieoperaen Snösystern av Magnus Johansson og Anna Berg, basert på den kjende og kjære barneboka Snøsøsteren av Maja Lunde og med illustrasjonar av Lisa Aisato. No skal Opera Nordfjord ha noregspremieren på denne vakre, litt triste, men veldig hjartevarme familieoperaen.

Det kunstnariske teamet er det same som i den opprinnelege premieren ved Malmö Opera: regissør Linda Mallik, scenograf/kostymedesignar Karin Betz, lysdesignar Johanna Svensson, projektør Johannes Ferm Winkler og koreograf Sara Ekman. Operaen er omsett til nynorsk av Kari Standal Pavelich.

På scena møter vi fem operasongarar og tre musikarar. Dei to hovudrollene som Julian og Hedvig vert spelte av den svenske tenoren Conny Thimander og den norske sopranen Kine Sandtrø. I tillegg får publikum møte Trond Gudevold som faren og Gubben og Mari Askvik som mora. Lillesystera Augusta og Snøsystera vert spelt av den unge og lovande sopranen Violetta Peschanskaya frå Oslo.

Vi vonar at denne rørande fortellinga om Julian og Hedvig skal fylle operahuset den første helga i desember og samle «heile slekta», frå dei yngste til dei aller eldste publikummarane – velkomen til ei framsyning for heile familien som heilt sikkert kjem til å røre ved hjarta!

Billettsalet har opna på www.operanordfjord.no.

Emner

Kategorier

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge