Gå videre til innhold
Teatertruppen i Danny Gold's sideshow, På biletet: Runa Bergem, Simon Standal Pavelich, Ingrid Tykhelle Kayser, Håkon Bøen, Sunniva Honningsvåg, Sol Alme Brendefur, Ane Woxen

Pressemelding -

Soga om Sol klar for Vestlandsturné

Onsdag 1. oktober er det ny-premiere på utvandrarmusikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, som vart ein stor publikumssuksess då den hadde urpremiere i 2023. Sjeldan har Opera Nordfjord møtt slik overveldande begeistring for ei forestilling, særleg med tanke på at det var ein heilt nyskriven musikal. I tillegg til at alle vart så glade i og gripne av musikken og handlinga, vart distriktsoperaen på Nordfjordeid inspirert av Hennar Majestet Dronning Sonja sine spontane ord etter premieren: «Dette må dere dra ut med, dere må dra til New York!».

Det hadde akkurat komme operasjef Kari Standal Pavelich for øyret at det skulle vere eit storstilt 200-årsjubiléum for utvandringa frå Noreg til Amerika i 2025, og då var det lett å la seg begeistre til ein reprise av utvandrarmusikalen. Den store motivasjonen var å faktisk dra til New York, og i heile 2024 og nokre månader inn i 2025 la ein planar for ein ganske omfattande turné til fem opptredenar, som ein del av den norsk-amerikanske feiringa av Crossings 200. Den tilspissa politiske situasjonen i USA etter presidentvalet gjorde diverre at styre og administrasjon ikkje lenger kjente at det var trygt å reise, utan garantiar for innreise for alle, så USA-turneen vart avlyst i april etter ei grundig vurdering. I staden legg operaen no ut på ein turné lenger sør i fylket, med opptredenar på Stord, på Os, i Fana og i Åsane, i tillegg til dei fire framsyningane i Operahuset Nordfjord.

Når Opera Nordfjord no set opp Soga om Sol for 2. gong, er det stor utskifting i rollene. Dei tre hovudrollene er alle nye og blir spela av Nora Aurdal frå Volda, Ole Morten Velde frå Karmøy og Simon Standal Pavelich frå Nordfjordeid. Dette gjer det ekstra spennande, når musikalen skal øvast inn på nytt, med kun to vekers innøvingstid, mot normalt fire veker. No når ein skal ut på turné med Soga om Sol, har det vore nødvendig å forenkle scenografien, så ein slepp å rigge opp og ned store og tunge kulisseelement på kvar ny spelestad. Scenograf Anndi Bergset har i staden laga ein del bilete som vert projisert på bakveggen, noko som, saman med effektfull lyssetting, utvalde rekvisittar og tidsriktige kostyme vil sette stemninga for kvart scenebilete.

Orkestermusikken er omorkestrert av komponist Gisle Kverndokk frå 25 til 10 musikarar, som denne gongen skal sitte på scena, noko som òg vil gi ei anna oppleving av forestillinga. Musikken og handlinga er likevel stort sett som før, med nokre mindre endringar frå Michael Pavelich sin opprinnelege regi frå 2023, no med regissør Gard Hjertaas Bjørnson som kunstnarisk leiar og Pavelich på plass i dirigentstolen.

Heile solistensemblet er no samla på Nordfjordeid til to veker med intensive øvingar i Operahuset Nordfjord fram mot premieren onsdag 1. oktober.

– No gler vi oss stort til å få den nye turnéversjonen på vegen for å begeistre nye publikummar i Vestland og feire 200 år med utvandring frå Noreg til Amerika, seier operasjef Kari Standal Pavelich, som håpar at kulturhusa langs kysten vil fyllast opp for å feire både utvandring, innvandring, menneskeverd, likeverd og fridom for alle. "Kom som du er", syng Danny Gold, og det er den raude tråden gjennom framsyninga: at ein skal få vere den ein er. Velkomen til ei hjartevarm og rørande historie om songfuglen Sol, som etter overgrep og mobbing søkjer lukka i Amerika og finn ein ny heim i ei teatergruppe, der ho møter aksept og omsorg og nettopp kan komme som ho er!

Opera er stolt medlem av Utvandrarjubiléet, Crossings 200:

"Der nordmenn før utvandret til Amerika og andre steder på jakt etter et bedre liv, er det nå andre som innvandrer til Norge for å finne frihet, trygghet og nye muligheter her. Migrasjon er ikke bare historie - det er en pågående prosess som skaper og utfordrer samfunn også i dag. Gjennom å forstå den norske utvandringens historiske betydning kan vi skape større toleranse og inkludering for innvandring i vår tid."

Billettar til alle åtte framsyningane: https://operanordfjord.no/prod...

Emner

Regions


Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kontakter