Gå videre til innhold

Emner: Jordbruk, landbruk, fiskeri

  • Blide dugnadskarar flyttar kulissar frå verkstaden til operahuset.

    Sildeoperakulissar på veg til Operahuset Nordfjord

    Det er mange frivillige i arbeid for å lage opera på Nordfjordeid i desse dagar. Sydamene har sydd nye kjolar, sydd inn og ut gamle klede og tilpassa kostyma til det lokale operakoret. Men det viktigast som skjer dei neste dagane, er at scena i operahuset skal forvandlast til ei travel sildefiskehamn med eit yrande folkeliv. Scenografien dannar den viktige fysiske ramma - no er kulissane på veg!

  • Frå Måløy på 50-talet. Foto: Odd Oldeide, Fjordenes Tidende.

    Sildeopera med sjalusi og kjærleik

    Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde handlar om det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet. Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. Solistlaget er no klart og utgjer ei fin blanding av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge.