Gå videre til innhold

Kategorier: operablogg

  • Nordfjordeid 2022 MED operahus - ein stad der kulturen har fått lov til å vekse og utvikle seg. Foto: Kari Standal Pavelich

    Draumen om opera på Nordfjordeid vert fødd

    Då draumen om opera på Nordfjordeid vart fødd ein gong vinteren 1996, var eg på speleoppdrag hos Operaen i Kristiansund. Operasjef Olav Grytnes og hans gode medarbeidarar skal ha stor takk for inspirasjon og hjelp då eg i løpet av dei neste to åra skulle etablere Opera Nordfjord saman med min mann Michael og gode hjelparar. Distriktsoperamodellen passa som hand i hanske for Opera Nordfjord.