Gå videre til innhold
Nordfjordeid 2022 MED operahus - ein stad der kulturen har fått lov til å vekse og utvikle seg. Foto: Kari Standal Pavelich
Nordfjordeid 2022 MED operahus - ein stad der kulturen har fått lov til å vekse og utvikle seg. Foto: Kari Standal Pavelich

Blogginnlegg -

Draumen om opera på Nordfjordeid vert fødd

For ganske nøyaktig 27 år sidan sat eg på ein lånt kontorpult i administrasjonen til Operaen i Kristiansund og skreiv ferdig ei oppgåve i «Organisasjon og leiing», som alle mellomleiarar i Eid Kommune gjorde dei dagane – med innleveringsfrist 31. januar 1996 . Oppgåva skulle ha relevans til arbeidet mitt, og som fiolinlærar og rektor i Eid kommunale musikkskule valde eg å skrive om «Den klassiske strykeopplæringa i Sogn og Fjordane». No lurer du sikkert på kvifor eg sat oppe i Kristiansund og skreiv om feleopplæring i fjordfylka, men det hadde seg altså slik at eg nokre dagar før hadde fått ein telefon frå Tor Dyrseth frå Operaen i Kristiansund om å komme oppover for å spele 2. fiolin i La Bohéme.

Eg hadde komme seint heim frå eit speleoppdrag på «Nordfjordkveld» på Svormuséet på Grodås i samband med NM i langrenn for juniorar i Markane – og det var ingen ringare enn Andreas Lunnan som var konferansier. Eg huskar også at den gode Jon Ytrehorn hadde halde eit gripande foredrag om skulptøren og honndølen Anders Svor. Då eg kom heim ved midnatt fekk eg sporenstreks beskjed frå mannen min om å ringe til Kristiansund, sjølv om det var seint, for det hasta.

Slik hadde det seg at eg dagen etter spurde meg fri frå jobben som rektor og musikkskulelærar i to veker, reiste frå mann og tre smågutar, utsette all undervisning, overlet rektoreringa til mannen, pakka fele og koffert, ei uferdig oppgåve i «Organisasjon og leiing» - og tok bussen til Kristiansund, men ein liten blindpassasjer «i magen», VELDIG klar for hotell-livet dei neste vekene!

Eg var ganske disiplinert, huskar eg, og starta med skrivinga kl. 10 kvar morgon, fram til det var tid for å skifte til orkesterfinstas og hente fela og gå inn i Puccini si velklingande verd. Ein føremiddag eg sat og klapra på PC’en, kom dirigent Kjell Seim innom operakontoret i eit eller anna ærend. Vi kom i prat, og eg sa at det kunne no ha vore veldig kjekt å sette opp ein opera på Nordfjordeid, ein eller annan gong….og då svarte han at no skal du høyre at Ronald og eg har nettopp sett opp Flaggermusen i Sandvika Kino, med eit lite orkester på scena og nokre få, enkle rekvisittar, veldig enkelt – det kunne sikkert late seg gjere – sånn for ein gongs skuld? Vi vart samde om å snakkast etter påske….

Dagen etter at eg kom heim frå Kristiansund banka eg på døra til rådmann Storevik – det er kort til øvrigheita på landet - eg sa at eg ville lage opera, og han sa eg kunne komme på etatsjefmøte neste veke. Eg møtte opp på etatsjefmøte veka etter og fortalde dei storeauga etatsjefane at no skulle det bli opera på Eid. Dei smilte - eller var det berre forskrekka? - og sa «set i gong» - for det var det jo veldig lett å berre seie - og eg vart glad og sette i gong! No skal det nemnast at eg alltid tek alt i beste meining.

Tida gjekk, og innimellom kvardagstralten med kontorarbeid, undervisning, levering og henting av borna i barnehage rakk eg å føde ei skjønn prinsesse ut i august og starta etter kvart å skrive nokre søknader til fylke og kommune om støtte til den aller første operaoppsettinga i Eid kommune. Kjell hadde framleis ikkje ringt meg «etter påske», og då eg traff han på nyttårskonserten i Ålesund i januar 1997, der eg spelte i orkesteret og Michael var solist og konferansier, lurte eg på kvifor han ikkje hadde ringt meg. Då svarte han at jammen det er jo framleis «etter påske»😊. Etter det vart eg flinkare til å sjølv styre telefoneringa, og om ikkje lenge var vi godt i gong med på planlegge operetten Flaggermusen, som skulle ha premiere hausten 1998 – med Kjell Seim som dirigent og Ronald Rørvik som regissør. Korleis DET gjekk, får du vite i neste kapittel… men det vil helst gå bra, sidan Opera Nordfjord i år feirar 25 år!

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge