Gå videre til innhold

Kategorier: orkester

  • Soga om Sol klar for Vestlandsturné i oktober

    Opera Nordfjord er klar for Vestlandsturné med musikalen Soga om Sol til Nordfjordeid, Stord, Os, Fana og Åsane i perioden 1. -11. oktober. 36 sceneaktørar, musikarar og kunstnarisk og teknisk personell set seg på turnébussen 6. oktober for å feire både utvandring og innvandring gjennom ei rørande historie om oppbrot, eventyrlyst, heimlengt, sorg, kjærleik og håpet om eit nytt liv i Amerika.

  • Opera Nordfjord feirar 25 år med nyskriven utvandrarmusikal

    Opera Nordfjord feirar 25 år i 2023 med nyskriven musikal av Øystein Wiik og komponist Gisle Kverndokk. Handlinga er lagt til om lag 1915, då mange nordfjordingar utvandra frå Nordfjord til Amerika. Dei aller fleste rollene vert fylte av lokale, profesjonelle musikalartistar og skodespelarar og eit utval av dyktige, lokale amatørar. Premieren vert onsdag 4. oktober i Operahuset Nordfjord.

  • 120 ungdommar syng Verdis Requiem med Opera Nordfjord

    Helga etter påske er det duka for ei sjeldan storsatsing, når Opera Nordfjord reiser på turné med fantastiske Requiem av Verdi, eit av dei aller største meisterverka for kor, solistar og orkester.

  • La Traviata til Opera Nordfjord

    Etter 23 år står La Traviata igjen på plakaten når Opera Nordfjord opnar dørene for sesongstart 28. september 2021 i Operahuset Nordfjord, med 8 framsyningar i perioden 28.09.-08.10..

  • Opera Nordfjord på turné med filmmusikk frå fantasy-universet

    Det vert garantert magisk stemning når 65 korsongarar, 53 musikarar, sopransolist Sabina Zweiacker, konferansier Orvar Säfström og dirigent Michael Pavelich sameinar musikalsk krefter og talent når SAGAS drar ut på turné 11.-14. november med fantasy filmmusikk som hovudtema. Konsertstader er Sandane, Sogndal, Nordfjordeid og Førde.