Gå videre til innhold
Det kunstnariske teamet er endeleg på plass for tingingsverket Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk
Det kunstnariske teamet er endeleg på plass for tingingsverket Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk

Nyhet -

Opera Nordfjord feirar 25 år med nyskriven utvandrarmusikal

Kvar haust sidan 1998 har Opera Nordfjord sett opp opera eller operette på operascena i Nordfjordeid, dei første 11 åra i Aulaen på Fjordane folkehøgskule og dei siste 14 åra i Operahuset Nordfjord. Når operaen i 2023 skal feire eit kvart århundre med distriktsopera i Nordfjord, er det med eit tingingsverk frå musikal-duoen Øystein Wiik og Gisle Kverndokk, for mange kjende frå Jorden rundt på 80 dager i 2021. Soga om Sol er ein vaskeekte utvandrarmusikal, der det meste er oppdikta og noko er inspirert av ein spennande eventyrar frå Nordfjordeid.

Det kunstnariske teamet er i stor grad kortreist i år og består av regissør og dirigent Michael Pavelich frå Nordfjordeid, scenograf Anndi Bergset frå Stryn, kostymedesignar Heidi Kverndokk frå Ålesund, lysdesignar Ovar Holmen frå Nordfjordeid, maskør Hege Ramstad frå Oslo og koreograf og regiasisstent Trude Amalie Leirpoll frå Oslo.

Når ein endeleg set opp ein nyskriven musikal i jubileumsåret, er det naturleg å velge profesjonelle aktørar som kjem frå eige distrikt. Det er ei glede å presentere talentfulle Ingrid Tykhelle Kayser frå Nordfjordeid i den eine hovudrolla og dei to ørstingane Eirik Risholm Velle og Kim Helge Strømmen i dei to andre hovudrollene. Ingrid er nyutdanna frå Musikktaterhøyskolen i Oslo og har allereie gjort fleire TV-roller. Eirik har tidlegare gjesta Opera Nordfjord i Mannen frå La Mancha og Reisa til Julestjerna. Både Eirik og Kim Helge er utdanna frå Guildford School of Acting og har begge ei lang rekkje roller bak seg innan film, teater og TV.

I tillegg kjem eit omfattande skodespelarlag på scena samansett av lokale, profesjonelle skodespelarar, dyktige amatørar frå operakoret og ei rekkje nyutdanna musikalartistar som har vakse opp i Opera Nordfjord.

Handlinga i musikalen er lagt til rundt 1915, og vi møter Emil og Sol, som emigrerer til Amerika for å starte eit nytt liv i New York, der dei møter Danny, som driv eit teater midt i byen . Emil blir sendt i krigen som leigesoldat når han endeleg kjem fram som "ship jumper", og den talentfulle songaren Sol vert med i eit Side-show, der menneske som elles ville vere utstøytte frå samfunnet har funne saman i teaterfamilien med sine talent, utfordringar og von om eit betre liv.

Billettsalet er allereie i gong: https://operanordfjord.no/bill...

Emner

Kategorier

Regions

Kontakter

  • SoS_kunstnariskteam_1920x1080_3
    SoS_kunstnariskteam_1920x1080_3
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1920 x 1080, 145 KB
    Last ned