Gå videre til innhold
Bjarte Klakegg aktuell med roman om kjønnsidentitet og kjærleik

Pressemelding -

Bjarte Klakegg aktuell med roman om kjønnsidentitet og kjærleik

Ninkolai er ein roman om kjønnsidentitet, avvising og kjærleik, om å miste – og finne – sine nære i leiten etter seg sjølv.

Nina er ikkje lenger Nina, men er endå ikkje heilt blitt Nikolai. Tolv år gammal bur han på garden med besteforeldra Inger og Johannes. Mora har reist tilbake til byen dei to kom ifrå, utan Nikolai. Som ung vaksen flyttar han etter, mest for å finne fotfeste i seg sjølv, men kanskje også med eit håp om å finne mora. Saknet etter besteforeldra, særleg Johannes, dreg med seg glimt frå oppveksten på garden. Der andre tviheldt på Nina, var Johannes den einaste som ville sjå Nikolai. No er han blitt sjuk. Jo nærmare Nikolai kjem seg sjølv, dess meir svinn Johannes. Medan Inger strevar med saknet etter begge, og mor til Nikolai vaknar til live i gøymde minne, ventar kanskje kjærleiken på ein heilt (u)vanleg gut som heiter Nikolai.

Bjarte Daviknes Klakegg (f. 1969) debuterte i 2009 med prosasamlinga Heliumhjarte. Ninkolai (2019) er hans andre bok og første roman.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO