Gå videre til innhold

Nyhetsarkiv

  • Steffen Kverneland og Ragnar Hovland er klar med gonzobiografien "Astrup"

    Steffen Kverneland og Ragnar Hovland er klar med gonzobiografien Astrup som blir lansert på Kode i Bergen 11.9.Det var i dei dagar Steffen Kverneland og Ragnar Hovland drog til Jølster for å gjere research til ein ny og grensesprengande Astrup-biografi. Mykje var allereie blitt skrive om livet til den store kunstnaren, men kanskje ikkje om Gassen? Eller den djevelske haren? Og kor grundig hadde ei

  • Tore Kvæven klar med ny roman "Eit spor til endes"

    Tore Kvæven som vann Brageprisen for Når landet mørknar, er klar med romanen Eit spor til endes om Torstein som veks opp i enkle kår på fjellgarden Helleren i Vatnedalen på slutten av 1800-talet. Familien set sin lit til naturen, og Torstein lærer tidleg at naturen kan vera både brutalt nådelaus og uendeleg gåverik.Faren tar han med på jakt innpå heiene, der finst rype og rein som kan gi mat og in

  • Vaim Hotell av Jon Fosse kjem 3.9.

    Vaim Hotell er den andre av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.
    Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp att. Korleis kan det ha seg at Gjesten blir sett i arbeid og endar opp med å skifta lyspærer på alle romma?Vaim Hotell

  • "Ventrakl" av Christian Hawkey ute på norsk i Mathias R. Samuelsens omsetting

    Den hybride diktbiografien Ventrakl er amerikanske Christian Hawkeys forsøk på å komme i kontakt med den austerrikske poeten Georg Trakl (1877–1914) – på tvers av både språk og tid. Resultatet er ein openhjartig og djuptfølt samtale mellom to poetar frå to ulike hundreår. Boka arbeider med grunnleggande spørsmål, som korleis vi les tekst og bilde, korleis forfattarskap flyt over i kvarandre, og ko

  • Samlagsprisen til Gunnhild Øyehaug

    Øyehaug får prisen på 50 000,- for heile forfattarskapen sin, og blir heidra med eit dagseminar i Dale i Fjaler 25. september.
    Frå juryen grunngjeving "Øyehaug får prisen for sitt omfattande forfattarskap, og hennar viktige bidrag i ulike litterære sjangrar som ho tøyer og eksperimenterer med. Øyehaug fører eit solid og utforskande nynorsk, med utfordrande og absurde litterære framstillingar

  • Maria Parr med ny bok om lesaren, litteraturen og det fortalde; "Sjå der går ein barndom"

    Maria Parr er blant dei største norske barnebokforfattarane gjennom tidene. Med bøker som Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Oskar og eg har ho engasjert, rørt og underhalde barn og vaksne i over tjue år. No er ho klar med boka Sjå der går ein barndom. Om lesaren, litteraturen og det fortalde.Innimellom barnebokskrivinga har Maria Parr også skrive tekstar for vaksne, både essay, talar og tampar til

  • Ny strikkebok med oppskrifter på sokkar av Ingvild Grane

    Ingvild Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. No er ho klar med si tredje strikkebok; Strikk sokkar. 30 fargerike oppskrifter for store og små.
    Få plagg blir brukte like mykje som eit par gode sokkar. I denne boka deler Ingvild Grane 30 inspirerande oppskrifter på sokkar som både ser flotte ut og sit godt på foten. Grane er insp

Vis mer