Gå videre til innhold

Siste nytt

  • Ny strikkebok med oppskrifter på sokkar av Ingvild Grane

    Ingvild Grane har i mange år delt strikkeglede i ein uvanleg delikat fargepalett på instagramkontoen @skaperrom. No er ho klar med si tredje strikkebok; Strikk sokkar. 30 fargerike oppskrifter for store og små.
    Få plagg blir brukte like mykje som eit par gode sokkar. I denne boka deler Ingvild Grane 30 inspirerande oppskrifter på sokkar som både ser flotte ut og sit godt på foten. Grane er insp

  • Arild Rein med ny roman frå oljebyen; "Det mørke fastland 1980"

    I den nye romanen Det mørke fastland 1980 tar Arild Rein eit steg tilbake frå 1995, året då handlinga i debutromanen hans Hundedagane startar, og året då Noreg blir ein renteniststat. Rein interesserer seg for Olje-Noregs vekst og forfall, nærare bestemt skuggesidene ved dette samfunnet. Korleis har olja forma den norske mentaliteten: forholdet vårt til arbeid, rikdom, øydsling og kriminalitet?

  • Martin Baldysz klar med bok to i historisk krimserie; "På stedet hvil"

    No kjem andre bok i Martin Baldysz kritikarroste Ryer-serie; På stedet hvil. Dette er ein historisk krimserie der søskenparet Ryer løyser krimgåter på Sunnmøre.
    Då kaptein Gausereide blir funnen død på Stormoen eksersisplass, sender major Tandrum telegram direkte til overkonstabel Johan Ryer. Majoren ønskjer ikkje merksemd om saka no rett før storøvinga. Johan ser dette som ei gyllen mogleghei

  • Jon Fosse, Maria Parr, Linda Eide, Bjørn Hatterud, Tore Kvæven med fleire er klare med bøker på Samlaget denne hausten

    Nobelprisvinnar Jon Fosse si andre Vaim-soge,Vaim Hotell, blir lansert i starten av september. Brageprisvinnar og forfattaren bak Når landet mørknar, Tore Kvæven, er klar med romanen Eit spor til endes. I boka følgjer vi Torstein som veks opp på ein fjellgard på slutten av 1800-talet. Eit tett, iskaldt vinterdrama om ein ung gut og prøvelsane han må gjennom. Straks kjem andre bok i den kritikarro

  • Lars Mæhle er aktuell med spennande og humoristisk lydserie for barn

    Hanna og farfars krimgåter er ei spennande, humoristisk og varm serie for alle barn frå 6-12 år. Ein stille natt skjer det eit innbrot på Elkjøp. Tjuven får med seg to pakker Snickers. Kven er denne mystiske tjuven, er det eit godteriglad barn? Men korfor har han i så fall skjegg? Og korleis klarar han å klatre heilt opp til 2. etasje? Dette er ei sak for Hanna og farfars detektivbyrå!

  • Einar Økland klar med ny diktsamling

    Karikaturar i spegel med hol er ei diktsamling full av vilje, leik og nysgjerrigheit. Med både presisjon og omtanke viser Einar Økland fram det kvardagslege for oss på ein ny måte. Her er fascinasjon for stort og smått, heilt ned til det minste punktumet. Dikta vekslar mellom konstateringar og spørsmål og skapar slik eit dynamisk spel. Vi møter eit blikk som kan sprette att og fram i møte med seg

Sosiale medier