Gå videre til innhold
Fantasifull og humoristisk adventsbok i 24 kapittel

Pressemelding -

Fantasifull og humoristisk adventsbok i 24 kapittel

Journalist Christian Wiik Gjerde debuterte med barneboka Jakta på firkløveren i 2016. No er han tilbake med Jul på Bukken hotell, ei adventsbok med både humor og alvor, med karakterar som kan gi assosiasjonar til Roald Dahls univers.  

Det er første desember. Fredrik og foreldra sjekkar inn på Bukken hotell. Men det er noko som ikkje stemmer. Fredrik høyrer lydar som ingen andre høyrer. I tillegg går ein geitebukk laus på hotellet, og høgt under taket flyg fuglar rundt med nisselue og skjegg.

Men så treffer Fredrik nissejenta Fryd. Og frå den dagen endrar alt seg. Dei oppdagar at Krampus, ein fråfallen nisse, har kidnappa Erkenissen. No står jula i fare!

Kan Fredrik og Fryd hindre at nissane endar i Den evige kvile?

Boka er illustrert av Ingrid dos Santos

Christian Wiik Gjerde (f. 1981) debuterte medJakta på firkløvereni 2016, som er blitt omsett til både russisk og tysk. Han er frå Tjørvåg i Herøy kommune i Sunnmøre, bur i Oslo og arbeider som journalist.

Related links

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO