Gå videre til innhold
Litterær sensasjon på norsk; Ocean Vuongs "Natthimmel med kulehòl"

Pressemelding -

Litterær sensasjon på norsk; Ocean Vuongs "Natthimmel med kulehòl"

Natthimmel med kulehòl har blitt ein litterær sensasjon i USA. Ocean Vuong blir samanlikna med dei verkeleg store i den engelskspråklege litteraturen, som Emily Dickinson og William Shakespeare.

I dikta til Ocean Vuong blir det svært intime stadig sett opp imot historiske hendingar. I etterdønningane frå Vietnamkrigen skildrar Vuong sorg, vald, krig og overgrep med eit mjukt landskap av poetiske bilete. Det er dikt som gjennom rytme og driv demonstrerer korleis ei varleg hand på eit bryst kan stille sjølv den sterkaste lysta.

Forord av John Freeman. Gjendikting og etterord ved Mathias R. Samuelsen.

«Ocean Vuong er mellom dei mest radikale og kraftfulle stemmene i samtidslitteraturen. Eg beundrar han enormt.» 
Édouard Louis

«Natthimmel med kulehòl er ei svimring og ein totalstorm i hjartet. Dette er boka du aldri gløymer» 
Sara Stridsberg

«Til liks med Frank O’Hara har Vuong evna til å binde saman ord og bilete med atletisk eleganse. Han syng si eiga historie, men også historia til USA» 
frå John Freemans forord

«… det er umogleg å ikkje bli rørt av Ocean Vuong si stemme. Det eg er sikker på, et at forfattarskapen til Ocean Vuong kjem til å bli viktig, og eg er glad for at eg fekk sjansen til å vera der frå starten av.»
frå Mathias R. Samuelsens etterord 

Ocean Vuong (f. 1988) er født i Vietnam og oppvaksen i USA. Han var den første i sin familie som lærte å lese. Han er poet og essayist og har motteke ei rekkje prisar, mellom anna Whiting Award 2016 og T.S. Eliot Prize 2017.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Ragnhild Akselberg Tonheim

Informasjonskonsulent 90124325

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO