Gå videre til innhold
Ny bok frå innsida av PSTs livvaktteneste

Pressemelding -

Ny bok frå innsida av PSTs livvaktteneste

Enkelte norske politikarar kan ikkje bevege seg utanfor døra utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. I den nye boka Livvakt. På innsida av PST tek NRK-journalist Simon Solheim oss med på innsida av eit av dei mest lukka miljøa i landet. Vi får følgje livvakt Svein Arne og fleire av kollegaene hans på oppdrag i Noreg og i utlandet. Vi får innblikk i trusselbiletet og den vanskelege jobben med å vurdere kven som får livvakter og ikkje. Vi får også bli med gjennom opptaksprøver og den harde seleksjonen for å bli livvakt. Både livvakter og politikarar deler historier dei aldri har delt før. Korleis er forholdet dei imellom?

Vi blir med i kvardagen deira, følgjer livvaktene under Nobelpris-utdelinga og blir med statsministeren til Irak og på juleferie heime i Bergen. Vi kjem tett på statsminister Erna Solberg og andre sentrale politikarar som har livvakter rundt seg til alle døgnets tider. Livvaktene hastar etter Jens Stoltenberg i skiløypene, dei posisjonerer seg mellom reolane når Abid Raja er i daglegvarebutikken, og dei er med statsministeren på ferie i utlandet. Korleis er det å leve med livvakter døgnet rundt?

Historia til den moderne livvakttenesta starta i 1945, få dagar etter at andre verdskrigen tok slutt. Dei kongelege hadde behov for vern etter at tyskarane hadde kapitulert. Det er heilt andre truslar i dag. For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje går bra. Slik tenkjer livvaktene i PST. Og slik må dei tenkje. Det er jobben deira.

Simon Solheim (f. 1990) er journalist og vaktsjef i NRK Nyheiter. Han har bachelorgrad i krisehandteringsfag. Solheim kjem frå Florø.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO