Gå videre til innhold
Ny roman frå avdøde Jan Roar Leikvoll -  "Heimatt"

Pressemelding -

Ny roman frå avdøde Jan Roar Leikvoll - "Heimatt"

No kjem ei ny roman posthumt frå Jan Roar Leikvolls hand, Heimatt. Boka vert lansert på Blå i Oslo 24.9. kl 19.  

Jan Roar Leikvoll (1974-2014)  debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008 og følgde opp med ytterlegare tre romanar: Fiolinane (2010), Bovara (2012) og Songfuglen (2013). Forkynnaren (2015) vart publisert posthumt. 

Han vart frå og med debuten omtalt som ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny norsk litteratur. Bøkene hans er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert. Leikvoll var ein original forteljar som hadde mot til å gå sine heilt eigne vegar, og for dette hausta ros frå både kritikarar og lesarar. Leikvoll blei nominert til fleire prisar, og mottok Sigmund Skard-stipendet, Samlagsprisen, den prestisjetunge Stig Sæterbakkens minnepris og Bokhandelens forfattarstipend 2013.

Om Heimatt: Ingmar har flytta til enklaven, der han lever eit bekymringsfritt liv som prostituert på eit attraktivt bordell. Men då han oppdagar at opphaldsløyvet er borte, og prøver å skaffe seg eit nytt, legg ei rekkje byråkratiske prosedyrar hindringar i vegen for han. Det har skjedd ei haldningsendring i byen: Folk er meir aggressive og mistenksame overfor framande. Ordensvernet patruljerer gatene stadig hyppigare og går hardt fram mot dei som ikkje passar inn. Ingmar innser at byen ikkje lenger er ein trygg stad for han. Til og med Stjerna, hans beste venn og støttespelar, må til slutt insistere på at han drar.

Kafka var eit av førebileta til Jan Roar Leikvoll og ei av inspirasjonskjeldene for Heimatt. Boka viser oss breidda av arbeidet til Leikvoll, blant anna gjennom alle referansane til andre manuskript han jobba med parallelt, ved at det litterære universet denne gongen er lagt nærare vår verd, og gjennom ein tydelegare humor. Likevel er det eit gjenkjenneleg mørke og
ein alvorleg undertone i romanen når han viser kva menneska er i stand til å gjere mot kvarandre når høvet ligg til rette for det.

Etterord ved Christine Leikvoll og David Aasen.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO