Gå videre til innhold
Ny ungdomsroman frå Ingelin Røssland

Pressemelding -

Ny ungdomsroman frå Ingelin Røssland

Den kritikarroste og prisvinnande forfattaren Ingelin Røssland er tilbake med ei ny ungdomsbok, OMG. 

For Maria er livet ein grenselaus fest. Men festen tek brått slutt då ho blir skyssa heim i politibil. Mora orkar ikkje meir, og Maria blir send til mormor med totalt mobilforbod.

Hos mormor blir Maria fascinert av prestesonen Johannes, samtidig som ho har ein kjærast i byen. Her er det duka for eit klassisk kjærleiksdrama med både knyttnevar og blod.

I OMG får Røssland fram både råskapen og sårheita som fins i unge menneske på ein truverdig måte. Ho skriv på ungdommens premiss, og identifiserar kjensler og tankar på attkjennande vis. 

OMG er eit samarbeid med Leser søker bok.


Ingelin Røssland (f. 1976) er frå Tysnes i Sunnhordland, men busett i Sverige. Ho debuterte medViss du vil i 1998. For Handgranateple i 2006 blei ho tildelt Sunnmørsprisen og Uprisen. Ho har også motteke Sigmund Skard-stipendet, Guro Sandsdalens litteraturpris og Falturiltuprisen. Bøkene hennar er omsette til tysk, fransk, engelsk, færøysk og dansk. Ho er kanskje mest kjend for trilogien om Engel Winge.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO