Gå videre til innhold
Ragnar Hovland feirar 40 år som forfattar med ny essaysamling

Pressemelding -

Ragnar Hovland feirar 40 år som forfattar med ny essaysamling

I år er det 40 år sidan Ragnar Hovland debuterte med Alltid fleire dagar. Han markerer jubileet med essayboka Litt betyr det no likevel. Her plukkar han opp tråden frå Kunsten å komme heim og andre essay (2011) og leier oss vidare gjennom sin personlege litterære kanon. Vi får mellom andre møte Arthur Conan Doyle, Stella Gibbons, Torgny Lindgren, Kenneth Grahame, Kjartan Fløgstad, John Steinbeck, Arne Garborg, A.A. Milne og Claes Hylinger.

Hovland har og teke med meir samfunnsorienterte essay, som den sterke teksten om Charlie Hebdo, og vi blir vitne til det som kunne blitt eit intervju med Odd W. Surén. Også artisten Nico er å finne i samlinga, og vi får høyre om kunnskapsbøkene som frå tidleg av var viktige for Hovland.

Ragnar Hovland vil inspirere til å plukke opp dei bøkene ein enno ikkje har fått lese – eller dei bøkene ein har tenkt å lese på nytt.

Sagt om Kunsten å komme heim og andre essay (2011):

"Det er en fryd å boltre seg i Ragnar Hovlands tekster."
Jon Øystein Flink, Klassekampen

Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Aschehoug-prisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO