Gå videre til innhold
Vestlandskviss
Vestlandskviss

Pressemelding -

Spørjeboka Vestlandskviss er ute, med spørsmål frå mellom anna Linda Eide, Olav Stedje og Gunnar Staalesen

I den nye boka Vestlandskviss. Den store spørjeboka om Vestlandet har Janne Nygård og Halvor Folgerø sett saman ei spørjebok for heile familien. 1000 spørsmål om geografi, kultur, sport og mykje meir. Kva heiter verdas lengste tunnel? Kor mange i Noreg et pinnekjøt i løpet av jula? Dette er boka for deg som kjem frå Vestlandet, bur på Vestlandet eller skulle ønskje du var vestlending. 

Kva er yndlingsretten til Erna Solberg? Kva er ei fiskekiste – og kva i alle dagar betyr «asjelege dasjen», «slitan» og «transjakle»? Desse og mange andre nyttige, morosame og overraskande spørsmål får du i boka. Perfekt for familietreff, hyttetur, vennetreff eller togturen vestover. Her er spørsmål som passar for alle, delte inn i kategoriar.

Vestlandskjendisar som Linda Eide, Olav Stedje, Gunnar Staalesen, Agnes Ravatn og Finn Tokvam bidreg med spørsmål.

Halvor Folgerø (f. 1967) er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har gitt ut to bøker saman med Finn Tokvam: romanen Tyl og Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland.  Folgerø er musikar og spelar bass i gruppa Aftenlandet og fagott i populærorkesteret Finn-Erix.

Janne Nygård (f. 1989) er ansvarleg for rettar og kontraktar ved Det Norske Samlaget og har i mange år vore kvissmeister i Dag og Tid.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO