Gå videre til innhold
Årets fyrste utgåve av Syn og Segn er på marknaden!

Pressemelding -

Årets fyrste utgåve av Syn og Segn er på marknaden!

I den fyrste utgåva i 2016 kan du lese og lære meir om mellom anna:

USA: Korleis fungerer det amerikanske valsystemet i dag? Kva nye politiske og økonomiske utfordringar står USA overfor? Og kven blir eigentleg den neste presidenten i landet? Hans Olav Lahlum, Ebba Boye og Are Tågvold Flaten tek eit blikk på det amerikanske samfunnet og valkampen frå ulike synsvinklar.

SAMTALEN: Terroristane vel offera sine meir eller mindre vilkårleg, og gjennom sosiale medium kjem brutaliteten tettare på oss enn nokon gong tidlegare. Professor Tore Bjørgo meiner ekstremistar har mykje til felles, anten dei er nynazistar eller jihadistar.

KUNNSKAP: Det er slåande kor ofte kunst fungerer som eit slags gravitasjonsfelt for arroganse. Når kunst gjer seg vanskeleg, er kunnskap avgjerande, men frykt for å verke dum kan vere til hinder for lysta til å lære, skriv Espen Borling Josefsen.

IKKJEVALD: Ikkjevaldelege revolusjonar kan høyrast ut som eit paradoks, men er oftast kraftigare kost enn kuler og krut. Bård Drange om strategisk bruk av ikkjevaldelege handlingar.

TOALETTSAKER: «Det me et og drikk, må ut att – anten det er fin vin eller harde skorper.» Kristin Fridtun om det vi gjer på toalettet, avskyen for ekskrement og kva ordet skit betyr. Og noko til.

Syn og Segn

NYE TANKAR

STERKE PENNAR

MEIR Å LESE 

Syn og Segn

Pb. 4072 Sofienberg | 0506 OSLO

www.synogsegn.no

www.facebook.com/synogsegn

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO