Gå videre til innhold
Illustrasjon: Line Renslebråten
Illustrasjon: Line Renslebråten

Pressemelding -

Årets vakraste juleforteljing

Musikar og låtskrivar Line Dybedal debuterer som barnebokforfattar med den nydelege juleforteljinga Eit hjarte til jul, illustrert av Line Renslebråten. 

Mammaen til Nora ligg på sjukehuset. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora vil så gjerne at mamma skal bli som før. Men kva om mamma blir heilt annleis med eit nytt hjarte? Tenk om ho ikkje vil kjenne att Nora? Det synest ho er skummelt å tenke på. 

Då er det godt å ha ei farmor som veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet, og over himmelen fer det eit stjerneskot. Kanskje Nora sitt ønske om at mamma skal bli frisk, går i oppfylling òg?

Eit hjarte til jul er ei historie om dei vonde tankane som kan oppstå når nokon ein er glad i, er alvorleg sjuk. Samstundes er det ei varm forteljing om å finne trøyst og tryggleik, og om aldri å gi opp håpet.

Dybedal er fascinert av førestillinga vi får servert som barn, at kjærleik kjem frå hjartet - kva skjer viss ein får eit nytt hjarte? 

Dybedal er òg aktuell med fem nyskrivne julesongar på norsk.

Line Dybedal (f.1988) er låtskrivar og musikar, og kjem frå Nordfjord. Ho har komponert musikken til NRK super-serien Bli med heim og gitt ut to soloalbum. Eit hjarte til jul er debutboka hennar.

Line Renslebråten (f.1980) er forfattar og illustratør, busatt i Asker. Ho har m.a. skrive og illustrert Under polarisen (Cappelen Damm 2018 og Virkelighetens monstre (Cappelen Damm 2019), og den brageprisnominerte Blåhvalen (Kagge 2020).

Related links

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Merete Pharo

Sals- og informasjonskonsulent barn- og ungdomsbøker 45255110

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO