Gå videre til innhold

Pressemelding -

Agnes Ravatn aktuell med ny roman; "Doggerland"

Agnes Ravatn er klar med eit intenst kammerspel om ein familie og eit forlag på randa av kollaps. Doggerland kjem 1. oktober.

I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte: Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder, og dei to barna hennar – den litterært gåverike Filip og den økonomisk
orienterte Henny – posisjonerer seg begge for å ta over.

Men når Myrna kallar inn familien til strategisamling på ei isolert øy i havgapet, er det ikkje berre framtida til forlaget som skal avgjerast. I utkanten av maktkampen står Edda. Ho er redaktør og gift med Filip - og meir innvoven i familie-løyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer mellom generasjonar, mellom litterære ideal og kommersiell overleving, og mellom løgn og sanning. Korleis kan Edda bevare løyndomen sin når både forlaget og hennar eiga framtid står på spel?

I Doggerland utforskar Ravatn korleis makt, arv og løgner spelar seg ut i ei tid der sjølve eksistensen av litteraturen er truga. 

Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikarroste og populære bøker, blant anna romanane Fugletribunalet (2013), Dei sju dørene (2019) og Gjestene (2022). Ravatn har også gitt ut fleire populære sakprosabøker, mellom anna bestseljaren Operasjon sjølvdisiplin (2014). Ravatns særeigne, vittige stemme og skarpe blikk for menneskeleg svakheit går alltid att – om ho skriv romanar, journalistikk eller essay. Doggerland er den femte romanen hennar.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter