Gå videre til innhold
Alf Helleviks mediemålpris 2013 til Håkon Haugsbø

Pressemelding -

Alf Helleviks mediemålpris 2013 til Håkon Haugsbø

NRK-journalist Haugsbø får prisen for ein konsekvent, stringent og presis bruk av nynorsk

Prismottakar Håkon Haugsbø frå Førde har vore journalist og programleiar i NRK Brennpunkt i ti år.

Frå grunngjevinga til juryen:

"Håkon Haugsbø har i årevis vore ein av dei yngre klare nynorskprofilane i etermedia. Språket hanser konsekvent og stringent, og representerer eit svært godt nynorsk.

Haugsbø er ein av gravejournalistikkens faneberarar og har i fleire år leia den norske SKUP-rørsla.  Det er ein journalistisk sjanger som set store krav også til språkleg presisjon. Håkon Haugsbø meistrar denne språklege presisjonen og syner fram nynorsken i aktiv bruk til ein gravejournalistikk der det er svært langt mellom dei nynorske røystene.

Håkon Haugsbø viser med si klare uttrykksform at nynorsk er eit presist og aktivt språk som egnar seg
til stoffområde der kvart ord skal kunna gåast etter i saumane."

Prisen er på 10 000,-

Prisen vert delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

I juryen sit: Ingvild Bryn, Harald Stanghelle, Magni Hjertenes Flyum

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO