Gå videre til innhold
Alf Helleviks mediemålpris 2014 går til Siri Kleiven Strøm

Pressemelding -

Alf Helleviks mediemålpris 2014 går til Siri Kleiven Strøm

Alf Helleviks mediemålpris går i år  til Siri Kleiven Strøm i NRK Hordaland. Prisen vart delt ut på årmøtet til Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 24. april.

Juryen seier dette om prisvinnaren:

"Siri Kleiven Strøm er språkleg trygg og formulerer seg presist og lettfatteleg. Ho har eit godt og tydeleg språk både i reportasjar og direkterapportering. Siri Kleiven Strøm har ein klar uttale og ligg tett opp til normert nynorsk også når ho rapporterer utan manus. Ho held seg unna kjeldespråk og får bodskapen fram utan å gå språklege omvegar. Ho er både språkleg og journalistisk sterk og er ein god representant for nynorsken når ho framstår på riksnettet"

Siri Kleiven Strøm er fødd i 1987 og oppvaksen på Årdalstangen og bur no i Bergen.  Ho har studert ved Universitetet i Bergen og har bachelorgrad i administrasjon og organisasjonsvitskap med spesialisering i samanliknande politikk.  Siri Kleiven Strøm har gått på Nynorsk Mediesenter i Førde og arbeidde ei tid i NRK Sogn og Fjordane.  I dag er ho programleiar og reporter i Vestlandsrevyen og programleiar i Norge i dag.  Ho meistrar alle felt, men er først og fremst nyhendejorunalist."

I juryen sit Ingvild Bryn, Harald Stanghelle, og Magni Hjertenes Flyum.

Mediemålprisen er på 25 000,- og har vore delt ut  sidan 1998. Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Bjørn Bø, Siri Lill Mannes, Ingvild Bryn og Yasmin Syed. 

Alf Helleviks mediemålpris skal gå til ein yngre, faste nynorskbrukarar i radio eller fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål.


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO