Pressemelding -
Alf Kjetil Walgermo er aktuell med boka "Litteratur i Andeby. Donald Duck og bøkene"
Donald Duck er ein del av norsk og internasjonal kulturhistorie. Mange nordmenn har lært seg å lese i selskap med historiene frå Andeby. Litteratur i Andeby er ei morosam og andalytisk kjærleikserklæring til den hissige, vesle fyren i matrosdrakt. Boka er også ei litteraturhistorie sett med andeblikk.
Lanseringfest på Litteraturhuset i Oslo torsdag 6. november kl 19, der Walgermo har med seg Knut Nærum og Christian Kjelstrup m.fl. på scena.
Donald Duck og venene hans har sett eit formidabelt avtrykk i kulturen vår, i språket, tenkemåten og samfunnsdebatten. Verdslitteraturen har sett eit like formidabelt avtrykk i Andeby. Walgermo tek oss med på ein fornøyeleg og kunnskapsrik rundtur i Andebys litterære verd.
Boka gir deg nye inngangar til Homer, Dante og Shakespeare, og du kan kose deg med alt frå Duckens til Duckensteins monster. Vi får òg innsikt i Donalds strategiar som forfattar og følgjer han både i jakta på ein bestseljar og i den litterære feiden med fetter Anton, i kampen om Dollys gunst.
Litteratur i Andeby er ei gransking av vårt kollektive minne, eit nybrottsarbeid og eit varmt forsvar for leseglede.
Knut Nærum seier om boka: ‘Det Hakkespettboka er for verdens samlede kunnskap, er denne boka for samspillet mellom Donald-historiene og verdenslitteraturen.’
Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekke språk. Donald Duck har vore ein hemmeleg lidenskap sidan barndommen.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.