Gå videre til innhold
Alfred Fidjestøl med ny bok om dei som endra Noreg

Pressemelding -

Alfred Fidjestøl med ny bok om dei som endra Noreg

Alfred Fidjestøl kjem med den første boka om Askerkretsen; Frå Asker til Eden. Askerkretsen 1897 - 1924. Lansering 18.9.

Publikumsarr og tur til Hvalstad i Asker sundag 21.9. (meir info under).

Den såkalla Askerkretsen rundt Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik på Labråten i Hvalstad i Asker, var ein kulturpolitisk maktfaktor som har vore med å endre og påverke korleis Noreg ser ut den dag i dag.

Eit lite og skiftande miljø bygde opp den riksdekkande landsmålsavisa Den 17de Mai, det alternative nasjonalteatret Det Norske Teatret, ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større omsetjingsprosjekt, frå Homer til Holberg. Dei arbeidde med å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei etter opprivande oppvekstar og vaksenliv freista å etablere personlege heimar for seg sjølve og familiane sine.

Berre kilometer unna den parallelle Lysakerkretsen, omkring mannsidolet og  polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukeleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren, og freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg.

Sundag 21.9.: Alfred Fidjestøl held foredrag kl. 12 i Teatersalen til BUL i Rosenkrantz gt. 8. Etter foredraget går det tog frå Nationaltheatret stasjon kl 13.13 til Hvalstad i Asker, der ein går i samla tropp til Labråten og Asker Museum, der det er den årlege Hausttakkefest. Her får ein sjå heimane til Hulda og Arne Garborg, Marta og Rasmus Steinsvik, Rasmus Løland, Tilla og Otto Valstad – og høyre meir om desse heroiske pionerane og det særeigne miljøet dei skapte. Fidjestøl vil vise rundt og snakke i dei ulike husa mellom kl. 14.00 og 15.30.

Alfred Fidjestøl (f. 1973) er journalist og forfattar og har tidlegare gjeve ut bøkene Hans Jonas. Ein introduksjon (2004), Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle (2007) og jubileumssoga Trass alt. Det Norske Teatret 1913 – 2013. Fekk Sultprisen 2014 for forfattarskapen sin


Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO