Gå videre til innhold
Anne Viken debuterer med hestebok

Pressemelding -

Anne Viken debuterer med hestebok

Anne Vikens debutbok Elise og mysteriet med dei døde hestane er ei spennande og energifylt historie som tar dyrlegedraumen på alvor. Anne Viken er sjølv utdanna veterinær, og kjennskapen og kjærleiken til både dyra og yrket er sterkt til stades i romanen. Denne historia er midt i blinken for hesteinteresserte og dyreglade frå 10 år og oppover.

Då onkel Kalle får sommarjobb som veterinær i den bortgøymde Tordenbygda, reiser tretten år gamle Elise frå byen for å vere med som assistent. Der treffer ho den pensjonerte veterinæren Gamle-Mathias og verdas galnaste prest. Elise er forferdeleg glad i hestar, og finn fort ut at dei kvite hestane i Tordenbygda ikkje er som andre hestar. Ingen veit kvar dei kjem frå. Og livet som veterinær er mykje farlegare enn Elise hadde førestilt seg.

Viken jobbar som veterinær og er ein aktiv debattant på feltet landbruk og dyrehald. Boka er basert på hennar eigne erfaringar som dyrlege. Boka skiller seg frå det klassiske hestebokscenarioet og har ei sterk og tydeleg jente som hovudperson og heltinne: - Elise vil bli veterinær, og interesserer seg for dyr på ein litt annan måte enn jentene i dei tradisjonelle hestebøkene. Elise er tøff og har eit svært realistisk forhold til dyr, seier Viken

Anne Viken er veterinær, statsvitar, bloggar og skribent. Kontaktinfo: viken.anne@gmail.com mob:95201165

Kontaktperson i Samlaget: Informasjonssjef Karin Helgøy, 97019865 og karin.helgoy@samlaget.no

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO