Gå videre til innhold
Anonym italiensk forfattar på den norske bestseljartoppen

Pressemelding -

Anonym italiensk forfattar på den norske bestseljartoppen

Den anonyme italienske forfattaren med pseudonymet Elena Ferrante ligg på førsteplass på den norske bestseljarlista for sjette veka på rad med romanen Mi briljante venninne. Boka kom ut i mars til overstrøymande bokmeldingar;  "eksplosiv skildring", "full av livskraft og pulserende liv", "mesterforfatter", "moderne storverk", "besettende lesning", "brutal, vakker og nærgående skildring", "medrivende storverk”.

10. oktober kjem bok nr to i Napoli-kvartetten; Historia om det nye namnet. Dei to neste bøkene i serien kjem i 2016. Kristin Sørsdal er omsetjar for heile serien. 

-Å lansere ein firebandsroman, skrive under pseudonym, av ein italiensk forfattar ukjend for norske lesarar,  har vore ei stor utfordring. Det er fantastisk å oppleve kor sterkt denne unike kvalitetsserien har slått an blant norske lesarar, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Det Norske Samlaget

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO