Pressemelding -
Arill Riise klar med boka om klyngetunet der han vaks opp; "Der ingen var einsam"
3.10. kjem boka Der ingen var einsam. Om klyngetunet som forsvann. Lansering på Sæbø i Møre og Romsdal:
https://www.facebook.com/event...
Då TV-profilen Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, tatt av snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill.
I Der ingen var einsam skildrar journalist Arill Riise kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».
Vi blir kjent med sterke karakterar i dramatiske og underhaldande historier. Om tyske soldatar som drep i fredsdagar, barn som forsvinn og arvesynd som pregar liv i ei ny tid. Dette er ei gripande, nær og varm forteljing om menneske som levde tett på kvarandre og fargela livet når det blei for mykje kvardag. Som mora til Arill, Ragna Riise, sa: «Det var eit godt liv. For ingen var einsam på Riise».
ARILL RIISE (f. 1958) bur i Bergen og er journalist og programleiar. Riise vaks opp i klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden og i Ørsta. Han har jobba 20 år i NRK og nærmare 20 år i TV2. Riise blei tildelt prisen Årets nynorskbrukar i 2012, Kringkastingsprisen i 2016 og Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2021. Der ingen var einsam. Klyngetunet som vart utsletta er den fjerde boka hans.
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.