Gå videre til innhold
Arne Henning Årskaug debuterer med "Utstyrstekstar"

Pressemelding -

Arne Henning Årskaug debuterer med "Utstyrstekstar"

LANSERING: 21.4. kl 20 på Syng, Nedre gt 7, Oslo.

Tekstane i Arne Henning Årskaugs debutbok Utstyrstekstar er prega av språkleg overskot og er fulle av eigenarta forteljargrep. I opningsteksten er det er sjølve leilegheita som fortel om det unge paret som har flytta inn. Leiligheita er ikkje særleg optimistisk til at kjærleiken vil vekse og vare. Det kjem til å kome betre kjærleikar er refrenget frå ei leilegheit som har sett og høyrt det meste.

Seinare i boka møter lesaren mellom anna eit par døddrukne og utrangla vener på nattbussen, der svingane styrer både kropp og forteljing, og nokre nyfikne kafégjestar som vert pressa til gje slepp på den daglege tralten sin for å forfølgje ei kvinne til verdas ende.

I den siste teksten får ein representant frå paret i byrjinga, høve til sjølv å snakke ut, no som eldre og klokare. Korleis har det gått med kjærleiken? Fekk leilegheita rett i dei dystre spådommane sine? I Utstyrstekstar skapar både karakterar og forteljingar seg så godt dei kan i møte med alt kaklet og skaket som råkar dei på ulikt vis, utan at det nødvendigvis hjelper noko særleg.

Arne Henning Årskaug (f. 1985) kjem frå Holsen i Førde, og bur i Oslo. Han har gått på Forfattarstudiet i Bø, Skrivekunstakademiet i Hordaland og studerer bibliotek- og informasjonsvitskap. Dette er den første boka hans.

Kontaktinformasjon til Årskaug:
Epost:
arne.aarskaug@gmail.com
Tlf:
99226352

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO