Gå videre til innhold
Arrangement om Fredrikke Marie Qvam på Litteraturhuset i Oslo 2.5.

Pressemelding -

Arrangement om Fredrikke Marie Qvam på Litteraturhuset i Oslo 2.5.

Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Forfattaren bak den nye biografien om Qvam, Magnhild Folkvord, held føredrag på Litteraturhuset i Oslo (Kjellaren) 2.5. kl 19. Velkomen!

Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod Qvam i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement. Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira.  Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar.

Fredrikke Marie Qvam er ein av fire kvinner Stemmerettsjubileet markerer som dei heilt sentrale for kvinneleg stemmerett i Noreg.

Magnhild Folkvord (f. 1945) er utdanna adjunkt. Ho har sidan 1999 arbeidd som journalist i Klassekampen. I 2008 gav ho ut boka Sekstimarsdagen – den neste store velferdsreforma? i samarbeid med Ebba Wergeland.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

  • Magnhild Folkvord
    Magnhild Folkvord
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    870 x 694, 287 KB
    Last ned
  • Omslaget på biografien om Fredrikke Marie Qvam
    Omslaget på biografien om Fredrikke Marie Qvam
    Lisens:
    Bruk i media
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1861 x 2722, 1.25 MB
    Last ned