Gå videre til innhold
Asbjørn Rydland med ny fantasyserie

Pressemelding -

Asbjørn Rydland med ny fantasyserie

Første bok i spennande fantasyserie om dataspelaren Eirik

Etter at Eirik og mora held på å køyre på ein sølvrev på veg heim til det nye huset sitt, står merkelege hendingar i kø: Ein framand mann slår Eirik i svime, og han vaknar opp med eit mystisk runesymbol på brystet. Korleis har dette skjedd, og kvifor finn Eirik det same symbolet i dataspelet han og kompisen Khalid speler?

Vegandi-serien er eit medrivande univers med gudar, magi, dataspel og parallelle dimensjonar. I denne første boka blir Eirik kasta ut i ei verd som er mykje større, farlegare og meir forvirrande enn han aner, og han blir sett på harde prøvar både i si eiga verd og parallellverda dataspelet fører han inn i.

Asbjørn Rydland (f. 1976) er frå Seim i Hordaland og bur i Oslo. Han vart tildelt både Nynorsk barnebokpris og Fabelprisen for serien om Drakeguten i 2012. Drakeguten vann NM i litteraturformidling.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO