Gå videre til innhold
Aschehougprisen 2012 til Ragnar Hovland

Pressemelding -

Aschehougprisen 2012 til Ragnar Hovland

Ragnar Hovland  fekk i dag Aschehougprisen 2012. Prisen vart delt ut i ettermiddag under Aschehougs hagefest. Hovland er 60 år i år og vart feira stort av Samlaget i vår med portrettbok og fest. Under Oslo Bokfestival 15.9.. blir det også feiring, der mellom anna Erlend Loe og Knut Nærum skal presentere sine favorittutdrag frå Hovlands bøker. Hovland skal også spele ukulele under opninga av festivalen 14.9.

Frå grunngjevinga til juryen:

"Ragnar Hovlands mangslungne verk egner seg til høytlesning i varme sensommerkvelder og på de påfølgende fuktige nachspiel, ja, poesien hans inspirerer også til sang.

Hovedverket fra 1982, sykler ikke på vannet - det svever over vatna. Hvor ellers kan man støte på folk som «bannar og steikar og ser tenksamt ut gjennom vindauget»? I en og samme setning? «Overalt» kunne man da svare tilbake, men kanskje ikke ofte nok i litteraturen? Sveve over vatna er ikke bare ustyrtelig morsom, den er også nyskapende i sin form. De enkelte kapitlene er som avsluttete fortellinger og viser en forfatter som er lite opptatt av å vise frem romanpersoner og handling i utvikling. De mange reisene i bøkene er først og fremst å forstå som metaforer for den livsreisen vi alle er ute på. Alle samtaler er i utgangspunktet meningsløse – men det er også i samtalene og møtene menneskene imellom at livsmeningen finnes."

I juryen sit: Astrid Fosvold, Kristine Isaksen, Henrik Keyser Pedersen og Knut Hoem

Prisen er på 100 000 nkr

Om Ragnar Hovland:

f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Full av spenstige innfall, merkverdige karakterar og populærkulturelle referansar har han i snart 30 år gitt ut meir enn 40 bøker i alle sjangrar.

Hovland debuterte i 1979 med romanen Alltid fleire dagar og blei raskt ein sentral forfattar utover i 1980-åra. I suveren, slentrande stil skreiv han befriande humoristisk om livet på ville vestlandsvegar, med hyppige og burleske referansar til popmusikk og film. Hovland fekk tidleg eit trufast og ihuga publikum, og fleire yngre forfattarar er i dag tydeleg inspirerte av hans måte å bruke humor, ironi og intertekstualitet på.

 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO