Gå videre til innhold
Atle Hansen skriv om asylbarn i ny spenningsbok for ungdom

Pressemelding -

Atle Hansen skriv om asylbarn i ny spenningsbok for ungdom

Rett under fjellet ligg det eit tomt hus, som plutseleg ikkje er tomt lenger. Nokon har flytta inn, men vil ikkje bli sett. Er det dei rømte asylbarna, eller kanskje den farlege fangen som har slått seg til der? Og kva i all verda gjer ein når ein oppdagar noko som er hemmeleg?

Flukt er ei lettlesen og spennande bok om å våge å gjere skumle og kanskje ulovelege ting.

Boka tek opp fordommar knytt til asylsøkjarar, forbrytarar, framande menn, kjønn og homofili.
Hansen tek for seg temaet frå fleire vinklar, og visar blant anna den nære samanhengen mellom usikkerheiten og frykta i den namnlause hovudpersonen, og dei fordommane «eg» gir uttrykk for. Alle personane i Flukt har på sitt vis noko av det fordomsfulle i seg. Dei fortel ikkje alt, lyg for kvarandre, og har klare oppfatningar av korleis dei andre er, og kva dei vil gjere om dei fikk vite heile sanninga.

Utgivinga er støtta av Leser søker bok.

Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Atle Hansen bur på Stord.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO